Pitch and Putt Seniordag!🏌🏽♂️
Saturday 11. April 2026
Kvar måndag fremover kl. 11:00, ynskjer me i Kristtornskogen Golfpark å samle alle seniorer/pensjonister eller dei over 60, til ei hyggelig stund med Pitch and Putt samt gode samtaler, humor, latter og forhåpentligvis mange gode historier.
Skulle du dog ikkje innfri nokon av desse kriteriene, men anser deg sjølv som senior, holder det i massevis for oss, du er hjarteleg velkommen🤩
Har du ikkje spelt golf før skal ikkje det vera noko hinder, me gir dykk opplæring!
Speleformen kjem til å variere. Eine veka spelar me individuelt, mens neste veke spelar me gjerne på lag. Laga deler me inn der og då😊
Pris:
Gratis for medlemmer.
Kr. 150,- ikkje-medlemmer (rabattert greenfee)
Har ein ikkje eigne køller, leiger me ut både køller og baller.
Kristtornskogen spanderer kaffen! ☕️
Dette er ein supert måte å komme seg ut i frisk luft i fantastiske omgivelser⛳️
Ta gjerne kontakt med Anders mob. 906 32 196 eller ksgolfpark@gmail.com, for meir informasjon.
PS! Kommende måndag 13/4, oppfordrer me dei som ikkje har spelt før til å møte kl. 10:00, då køyrer me enkel opplæring før me starter å spele kl. 11:00🤩
Vel møtt! 😃














. Koding: