Resultat T-Tour 1 ⛳️

Sunday 19. April 2026

Første t-touren for 2026 gjekk av stabelen onsdag denne veka. 16 stk stilte til start tot, herav 15 stk som fullførte alle dei 18 hola.⛳️🏌🏽‍♂️

Ein del nye ansikt i turneringssamanheng i år, det er veldig hyggelig. Gledelig gjensyn med Kjetil Eriksen og Geir Ove Rydningen, som nylig kom heim frå Dubai, etter nokre år vekkreist på jobb.

Sistnevnte stakk like godt av med sigeren på bruttoen med to slag over par, men pga. hendicapsystemet til Pitch and Putt er nede, får me foreløpig ikkje rekna ut nettovinnaren… dette blir oppdatert så snart systemet er oppe og går😅

Eit gavekort fra Pizzabakeren Stord vart trekt blant alle som spelte fellesstarten på onsdag og det var Jonny Larsen frå Bømlo som stakk av med det🍕

Takk til alle som deltok!🤩

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.