OnsdagsTour 3 🥏 og T-Tour 3 ⛳️

Monday 4. May 2026

Eit felles innlegg frå forrige vekes turneringar i Kristtornskogen:

OnsdagTour 3 🥏 lokka heile 20 deltakarar frå regionen til øvrebød´n i Kristtornskogen.

I nok ei turnering i strålande verforhold, skulle Henrik Junge finne vegen attende til topps🥇 Med 8 kast under par, holdt det såvidt for Henrik som vart tett fulgt av trioen Ole Magnus Fauskanger, Espen Torp og Simen Mjelva. Alle dei tre sistnevnte på 7 kast under par🥈

Pizza frå Pizzabakeren Stord var det Ole Magnus Fauskanger og Khiem Nguyen som stakk av med🍕

Ny turnering kommande Onsdag 6. Mai, meld Dykk på i Metrix: https://discgolfmetrix.com/3607554

T-Tour 3 ⛳️ hadde fellesstart torsdag, men var open for spel ut helga.

20 deltakarar bidrog til flotte prestasjonar i runden, der Harald Søvik skulle slå seg til topps med ein flott runde på -3 slag netto, søndags ettermiddag🥇
Vegar Olsen Schei leia lenge turneringa, men måtte til slutt ta til takke med 2. Plassen med ein respektabel runde på -2 slag netto🥈

Tredjeplassen var det Hans Langeland som stakk av med då han landa sin runde på par🥉

Pizzavinnere denne runden vart Harald Søvik og Vegar Olsen Schei🍕

T-Tour 4 speles torsdag 7. Mai, med fellesstart kl. 11:00 og 17:00.

Kristtornskogen gratulerer alle vinnarar i både P&P og Frisbeegolf og takkar samstundes alle deltakarar for innsatsen 🤩

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.