OnsdagsTour 1 🥏
Wednesday 15. April 2026
Flott deltagelse då 16 stk møtte til start på sesongens første frisbeegolf turnering! 😄
Sjølv med ein god del nye OB-merkingar og eit hol 18 som er gjort om fra par 4 til par 3, var ikkje det nok til å sette ut Ole Magnus Fauskanger som med sine 6 kast under par, vant turneringa føre Lars Flokenes (-5) og Simen Mjelva (-2)
Litt vind under bretta gjorde forholda noko krevende for dei fremmøtte, som måtte takle både medgang og motgang i løpet av årets første 18 hol😅
To stk gavekort fra Pizzabakeren Stord vart delt ut etter turneringa.
Lars Flokenes vant eit gavekort då han vart trekt blant dei tre beste, mens Thomas Sørheim har starta pizza -sankinga, då han vant årets første pizza i trekning 🍕
Ny turnering neste onsdag kl. 17:00, meld deg på i Metrix: https://discgolfmetrix.com/3579913
Takk til alle fremmøtte! 🤩

Screenshot


















. Koding: