Onsdagstour 2🥏 og T-tour 2⛳️
Tuesday 21. April 2026
Hei,
I morgon onsdag 22/4 kl. 17:00 er det klart for Onsdagstour 2 i frisbeegolf🥏
Kr. 50,- medlemmer
Kr. 100,- ikkje- medlemmer.
Meld dykk på i Metrix: https://discgolfmetrix.com/3579913
Me deler ut to stk. gavekort på pizza fra Pizzabakeren Stord, etter turneringa.
Me har no ein AcePot på kr. 1790,- passerer mest sannsynlig kr. 1900,- før turneringsstart i morgon.
Registrering i Proshopen før start.
T-Tour 2 -Pitch and Putt⛳️
Torsdag 23/4 kl. 11:00 og 17:00 legger me opp til fellesstart i denne vekas T-tour.
kr. 70,- medlemmer
kr. 200,- ikkje medlemmer (gjelder fellesstart, ordiner greenfee ellers)
kr. 130,- barn/ungdom t.o.m. 17 år, ikkje-medlemmer.
Møt opp i god tid for registrering, last ned GolfGameBook på forhand og opprett ein gratis profil. Dette for raskere registrering på turneringsdagen.
Etter runden trekker me eit gavekort på pizza levert av Pizzabakeren Stord. Vinner av netto-resultat vinner også gavekort på pizza.
Pga. handicapsystemet til Pitch and Putt ikkje virker som det skal om dagen, får me ikkje kåret ein nettovinner før systemet er oppe og går igjen…
Dei som ikkje har mulighet til å spele fellesstart, kan spele runden t.o.m laurdag😊
Velkommen til ei hyggelig tid med golf saman🏌🏽♂️














. Koding: