OnsdagsTour 6 og 7 -Resultater🥏
Monday 1. June 2026
OnsdagsTour 6
Morten Naustvik har funne formen og leverte strååålende innsats under forrige vekas tour. Morten var den med sine 50 kast som brukte færrest på runden, 9 kast under par og siger i turneringa🥇
Ole Magnus Fauskanger spelar trygt og godt og vart nok ein gong å finne i toppen med sin runde på 51 kast og -8🥈
Henrik Junge likar seg også godt i toppsjiktet av resultatlista og kom seg inn blant topp 3 då han leverte ein runde på 53 kast og -6🥉
Vinnere av pizza fra Pizzabakeren Stord vart denne runden Ole Magnus Fauskanger og Henrik Junge, Gratulera! 🍕
Onsdagstour 7
Denne vekas onsdagstour måtte flyttes frem ein dag, men det la ingen demper på sjølve runden.
16 kasteglade dukket opp til start i det som var turnering nr. 7 av tot. 17 turneringer, herav dei 10 beste turneringene som tellande når sesongen ska rundes av i slutten av September🏆
Henrik Junge var til bake på toppen av pallen i dagens turnering, då han kasta seg gjennom den 18 hols lange sløyfa på 53 kast, 6 kast under par🥇
To kast bak Henrik finn me samanlagtleder, Simen Mjelva🥈 Simen har spelt stabilt godt i år og leiar samanlagt med minst mulig margin, kun 0,1 kast føre Ole Magnus Fauskanger.
Tredjeplassen i denne vekas turnering gjekk til Erlend Nino Morlandstø🥉 Erlend avslutta med birdie på siste hol og enda dermed på -3 kast.
Vinnere av pizza denne runden vart Simen Mjelva og Lars Flokenes🍕, me gratulere🥳!
Ny turnering neste TORSDAG 4/6 kl 17:00.
Meld dykk på i Metrix allerede no: https://discgolfmetrix.com/3639407
Takk til alle som deltok🙏

















. Koding: