T-Tour 8, Resultater⛳️

Tuesday 9. June 2026

Lenge såg det ut som om Jonny Larsen frå Bømlo skulle stikke av med rundens nettosiger, men på siste dag av turneringa dukka Egil Espeland opp og ville det annerledes.

Den rutinerte, men pensjonerte politimannen har funne formen i år og spelar tidvis veldig godt i både t-tour og bedrift, der han saman med makker, Per Asgeir Ottesen, representerer Trapperingen🏌🏽‍♂️

Egil noterte seg for sin beste bruttorunde i turneringssamanheng då han avslutta på 57 slag, 3 slag over par. Med sine 11 slag i handicap vart dette småfine 46 slag netto, 8 slag under par🥇
Egil skreiv seg samtidig ned 3 slag i handicap, kanskje ikkje fullt så rutinert akkurat det😅

Jonny Larsen måtte dermed konstatere at sigeren rauk i 12. time, men allikevel ei god turnering frå han med 53 slag brutto og 49 slag netto🥈

På tredjeplassen finn me Jarle Hope med ein nettorunde på 49 slag også han, men med sine 57 slag brutto enda han bak Jonny Larsen🥉

Arne Strandenes vart best på reine slag (brutto) då han på 18 hol brukte bare 50 av dei, 4 slag under par👏👏

Vinnere av pizza vart Egil Espeland og Jens Flornes🍕

Ny turnering kommande torsdag med fellesstart kl. 11:00 og 17:00

Takk til alle som deltok🙏

korrigering: etter «gammal vane» kom skribenten til å føre opp Arne Strandenes som 1 av 2 vinner av pizza denne runden, rett vinner er Jens Flornes frå Tysnes. Feilen rettet kl. 10:20 tysdag 9/6.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.