Udnadalen Open /VM 2026

Monday 6. July 2026

Ein FANTASTISK sundag i Kristtornskogen som attpåtil skulle krones med norsk🇳🇴 2-1 siger over Brasil🇧🇷 seinare på kvelden, er historie.

29 nydelige deltakarar lagde ei fantastisk ramme rundt turneringa i Kristtornskogen, med smittende humør, lause smil og masse flott pitch and putt over 2×18 hol🏌🏽‍♂️

Flotte premier låg i potten, der i blant gavekort frå Bakeriet Frugård og weekendtur til Bryne Kro og Hotell. Det var spel på både nettoscore (handicap) og bruttoscore (slag) og me startar med nettoscore:

-Og det var her weekendturen til Bryne låg i potten. Skiftande kven som leia undervegs på runde 1, men Oddvin Flornes frå Tysnes kunne eta pizza frå Pizzabakeren Stord som arrangøren hadde bestilt inn til lunsjen, vel vitende om at han leia, 1 slag føre Mindur Brundtland og 2 slag føre Bjart Myhre, sistnevnte på ein foreløpig tredje plass. Denne trioen danna også siste flight ut på siste runde.

Etterkvart som sisterunden minka for hol, skulle Declan McDonnell komme bakfra og ta over leiinga, vekselvis med Torben Carlsen. Med eit hol igjen å spele og 3 slag å gå på ned til ein trio som delte 2.plassen på PAR, hadde Declan Bryne-turen godt ned i golfbagen, men med trippel på siste hol var brått forspranget utligna av trioen bestående av Vidar Steinsland, Torben Carlsen og Per Asgeir Ottesen. Det var tid for omspel mellom 4 mann på hol 18.

I omspel øyna Vidar Steinsland muligheten. Han gav seg sjølv ein birdie-mulighet på green og sette putten. Då dei tre andre måtte nøye seg med par, kunne Vidarguten sleppe følelsene laus og stikke av gårde med Bryne-turen! 🤩

Ein Vestlandsmeister skulle også kåres og her var det bruttoscore som gjaldt.
Anders Langeland leia etter første runde med ein runde på 3 slag under banens par. Oddvin Flornes, ringreven frå Tysnes viste sin klasse og la seg fint til i angrepsposisjon, 2 slag bak Anders. Arne Strandenes var også med i kampen om tittelen med ein 1. runde på par.

Å spele 36 hol på ein og same dag er ein utholdenhetstest både fysisk og mentalt for mange.
Med birdie på opningsholet på runde 2, festa Langeland tidlig grep om første plassen. Med tot 3 birdies og 3 bogeys på siste runde, landa Langeland runden på PAR og vant med det turneringa med komfortable 7 slag ned til neste mann🏆

Forandringer på lista skulle derimot forekomme bak Langeland.
Då Flornes begynte å gå tom for krefter skulle Strandenes feste grep om sølvplass. Den holdt frem til siste hol, då Strandenes bestemte seg for å teste ut bunkeren på hol 18. Ein dårlig idé på dette stadiet av turneringa og med 7-er på kortet på siste hol, låg alt til rette for dei som kom bakfra. Vidar Steinsland takka og bukka for muligheten og greip den med begge henda. Han stakk av med andre plassen, lik score som Torben Carlsen (tredjeplass), men Vidar med beste 2. Runde.

Anders Langeland kan med det smukke seg med tittelen «Vestlandsmeister», Udnadalen Open -vandrepokal samt eit gavekort frå Bakeriet Frugård på kr. 1200,-🥇

Med sin 2. Plass sikra Vidar Steinsland seg eit gavekort frå Bakeriet Frugård på kr. 800,-🥈

Torben Carlsen drar heller ikkje tomhendt heim frå Kristtornskogen, han sikra seg eit gavekort på kr. 500,- for sin 3. plass, som han kan bruke hos Bakeriet Frugård🥉

To stk gavekort på kr. 500 frå Bakeriet Frugård vart også trekt blant alle deltakarane etter turneringa, Karl Henrik Skulstad og Anders Halleraker vart heldige vinnarar av desse🤩

Morten Hillestad klarte kunststykke «hole in one» på hol 3 ⛳️🏌🏽‍♂️ Gratulera!

Takk til alle som deltok i turneringa både på og utanfor banen 🙏

Takk til Egil Espeland som stilte med kaka og opererte som undercover fotograf i felten🙏

Takk til Bakeriet Frugård som stilte med gavekort til turneringa for ein verdi av kr. 3500,- 🙏

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.