Vestlandsmeister 2009: Anders Langeland
Wednesday 19. August 2009

Anders Langeland chippar inn på det 6. holet.
Me vil gratulera Anders Langeland, Jostein Dahl og Kristi Ytredal Moe som nybakte Vestlandsmeistre i Pitch & Putt, i henholdsvis klasse A, B og dame.
For resultatliste sjå botnen av innlegget…
Etter 3 fantastiske dager med turneringsspel og mykje flott golf fekk me kåra tre verdige vinnarar i tre ulike klassar.
Klasse B

Tre glade medaljørar i klasse B
Sundag 16,08 var Kristtornskogen Golfpark satt av til å avvikla Vestlandsmeisterskapet i Pitch and Putt, men veret ville det annarleies, og då det regna som verst på laurdagskvelden såg kommiteen seg tvungen til å utsetta turneringa til påfølgjande tirsdag og onsdag.
Nokre hardhausar fekk likavel løyve på særskilt grunnlag til å spela på sundagen. Dermed vart det tre dagar med mykje godt golfspel før me på onsdag 19.08 fekk kåra den siste vinnaren.
Klasse B var først ut i elden og det skulle etter kvart visa seg å verta ei særs jamnspela pulje. Kunn 4 slag skulle til slutt skilja 1. frå 6. plass. Til publikums store gleie vart det omspel om både sigeren og tredje plassen. Jarle Mortensen og Hans Kristian Kismul skulle først i elden. Ein kunne sjå at publikum sitt nærver prega både to, men denne gangen var dei gamle eldst, og Mortensen drog dermed det lengste strået om 3. plassen.
Så skulle det heile avgjerast; Øystein Sætre versus Jostein Dahl – Kulio versus Lauvdalen, eit godt gammaldags naboderby. Både to spelte dei seg vakkert inn på greenen på fyrste forsøk, og etter eit litt halvhjerta forsøk på birdie, satte dei oppskriftsmessig inn par puttane. Dermed måtte dei no ut i andre omspelsrunde.
Nytt utslag, og nok ein gang ligg Jostein på greenen. Øystein var ikkje mykje dårlegare han heller, og ein meter frå greenkanten var det berre å spela seg ellegant inn for å sikra eit respektabelt par.
Så skjer det…. det som dei fleste store idrettsutøvara frå tid til anna får føling med, nerver…… Øystein går på ein alder så liten sprekk, og etter nokre rundar att og fram over greenen står han med eit bokført med 6 slag. Stødige-Jostein feilar ikkje, og hentar dermed heim sigeren i klassen for dei framadstormande Pitch & Putt spelarane i regionen.
Klasse dame
Ei konsentrert Kristi Y Moe på hol 6

Me var i denne turneringa så heldige å få med oss tre spreke damer med glitrande golfkvalitetar. Underteikna hadde gleia å gå i flight med den av dei som lykkast best i dag.
Kristi Ytredal Moe kunne etter fint spel, der ho bokførte ein birdie og fleire par, steppa opp på på podiet og motta gevinsten som beste kvinne i “VM” 09.
Me håpar dei damene som var med i turneringa hadde det kjekt, og at det gav meirsmak med Pitch & Putt. Me vil gjerne ha fleire kvinnelege spelarar i Kristtornskogen. Verte dei mange nok vil me etter kvar laga til ein eigen damedag ein gong i veka.
KLASSE A
Om B klassen var jamnspela var det ikkje mindre nerver i klasse A. 5 spelarar innan 2 slag . Der Anders Langeland sneik seg det nødvendige slaget forran, og kunne dermed heva trofeet som årets Vestlandsmeister i Pitch and Putt. Anders seier sjølv at han ikkje kjende noko nerver undervegs og at han ikkje hadde rekna med å ligga heilt der framme i teten å kniva. Nervene meldte seg fyrst då han etter endte 18 hol såg på resultatlista at han var den ubestridte einaren i turneringa. Sjølv om det var ein noko overraska vinnar, vart han av mange i forkant rekna som ein outsider til trofeet.
Ein utruleg prestasjon for ein som fram til april i år knapt nok hadde tatt i ei golfkølla, og som på Pitch and Putt banen på Lanzarote i fjor heiv køllene, og kasta inn handkledet, då han klarte å “måka” ballen inn i respsjonen på eit nærliggjande hotell.

Inge Moe viser Thor G. korleis det skal puttast ved hol 8
|
|
|||
| RESULTATLISTE KLASSE A | |||
| Plassering | Navn | Score | |
| 1 | Anders Langeland | 60 | |
| 2 | Thor Gunnar Bjelland | 61 | Etter omspel |
| 3 | Ben Ståle Henriksen | 61 | Etter omspel |
| 4 | Einar Bjelland | 61 | Etter omspel |
| 5 | Per Ove Langeland | 62 | |
| 6 | Kenneth Vika | 64 | |
| 7 | Halvor Grov | 65 | |
| 7 | Ivar Bjordal | 65 | |
| 9 | Sigfred Stangeland | 66 | |
| 10 | Ole Erik Eriksen | 67 | |
| 10 | Knut Onarheim | 67 | |
| 10 | Inge Moe | 67 | |
| 10 | Oddvard Hårde | 67 | |
| 14 | Asbjørn Tverdal | 71 | |
| 15 | Jan Eldøy | 72 | |
| 16 | Sigurd Sævareid | 73 | |
| 16 | Leiv Tveidta | 73 | |
| 18 | Daniel Playfoot | 75 | |
| RESULTATLISTE DAMEKLASSE | |||
| Plassering | Navn | Score | |
| 1 | Kristi Ytredal Moe | 72 | |
| 2 | Liv Ingrid Grov | 74 | |
| 3 | Liv Berit Økland | 92 | |
| RESULTATLISTE KLASSE B | |||
| Plassering | Navn | Score | |
| 1 | Jostein Dahl | 65 | Etter omspel |
| 2 | Øystein Sætre | 65 | Etter omspel |
| 3 | Jarle Mortensen | 66 | Etter omspel |
| 4 | Hans Kristian Kismul | 66 | Etter omspel |
| 5 | Geir Ove Rydningen | 68 | |
| 6 | Helge Sætre | 69 | |
| 7 | Eivind Bjordal | 71 | |
| 8 | Anders Ruud | 77 | |
| 9 | Fred Larsson | 79 | |
| 10 | Kai Rydningen | 81 | |
| 11 | Joakim Brady | 83 | |
| 12 | Chris Olav Severinsen | 84 | |
| 13 | Tore Hammersland | 86 | |
| 13 | Kristian Løvland | 86 | |
| 13 | Ole H. Sætre | 86 | |
| 16 | Peder Lunde | 88 | |
| 17 | Øyvind Grov | 89 | |
| 18 | Odd Magnus Severinsen | 90 | |
| 19 | Michael K-Larsen | 92 | |













. Koding: