Bunkerpreik

Sigfred Stangeland - ein pennkyndig kar

JUNI 2011

Det drar seg til mot VM og bunkerpreik vil nytta høvet til å ynskje deltakarar lukke til! Underteikna mistenker at arrangøren ikkje vil ha underteikna med då alle meisterskap har blitt lagde til datoar då underteikna er i kim jong il sitt nabolag. Eg vel sjølvsagt å ta dette som eit kompliment til mine wedge-eigenskaper,sjølv om eg diverre strengt tatt må vel innsjå at det i grunn er heilt ubegrunna.

Dog,eg vil koma med ei oppmoding. Vyrde golfarar,plag no ikkje bunkersane unødigt. Dei og dets innbyggjarar likar helst å ligge i ro og fred,nyte sola og leve livets late dager. Dei lagar ikkje bråk,oppsøker ikkje folk og vil helst gå ubemerka gjennom livet. Så lat oss visa dei den same høflegheten og heller satsa på det kortklippa grøne istadenfor det mjuke,lysebrune. Det er også til eige beste,for sandfolket kan vera hevngjerrige og ufine om dei vert forstyrra i beste solslikketid.

Men dei kan også vere vennlege om dei har blitt stroke fint på plass av tidlegare besøkande. Dei likar orden i rekkene dei dere sandgnomane.

Ellers står me vel ovanfor det mest ope meisterksapet i kristtornskogen sin historie,her vert det knallhard kamp om plasseringane! Og eg trur ikkje at regjerande meister tar nok eit napp i pokalen,her vert det nok endringar. Frykteleg spanande vert det nok okkesom for dei som er så heldige å få vera med.

Måtte den flaksnaste mann eller kvinne vinne… lukke til!

Mvh ziggen

MAI 2011

Vyrde både pitchara og puttara!

Orsak for bunkerpreik sitt fråvèr, eg har blitt hefta av både arbeid og sein sesongopning. Men no er eg også komen godt i gong.

At underteikna ikkje har vore på bana betyr ikkje at eg ikkje har fått med meg at vårspelet har vore godt, til tider særs godt og ikkje minst at entusiasmen så absolutt er til stades. Ser ei klar utvikling frå i fjor at stadig fleire melder seg på når pokalar og heider vert delte ut. Så det er vel på tide at bunkerpreikskribenten melder seg ut av botnsamlinga og inn i medaljestrida.

Nytt av året er jo eit prima hcp-system. Dette er jo ypparleg for å få jamnare turneringar slik at kven som helst i grunn kan vinna. Eg har ikkje finstudert korleis utrekninga fungerer, kor rettferdig antal poeng som blir utdelt +/- er, men fyrsteinntrykket mitt er at det fungerer meget bra! Så framøve no vert det særs spanande å sjå kven som meistrar sitt eige hcp best og dermed knip gode plasseringar. Dog, det viktigaste er ikkje alltid å vinna mot andre men heller setja seg -og overvinna eigne målsetjinger. Lukka te.

Lat meg avslutta med eit par personlege ting. For det fyrste driv eg no og byggjer terrasse, så om nokon kan komma og byggja her slik at eg kan gå og spela istadenfor vedkommande, så meiner eg at det er eit særs godt byte. I det minste for meg.

Ellers så var eg noko eplekjekk i fjor og påsto at eiko ved hol 7 (utslag 16) definitivt passerast ved å gå over lauvtustane. Det svir noko innst i det svartaste å innrømma det, men eg må nok innsjå at den taktikken må leggjast te kvile sørom Hestaholmane. Nederlag. Men fekk ein opptur på søndag då Tvedte og eg sende to blad Danmo heim med ikkje noko anna enn lokalbedøvelse i sekken. 8-1 til Kristornbua og ikkje minst so følgde eg min eigen kjepphest ”bruk terrenget!!” til dei grader då eg på utslag 7 meiste ballen opp imot knausane på utslag 1, trilla og spratt den kvita kulo på stein, gras, tre og løvetann før den angreip flagget og la seg i holet til min fyrste Hole-in-One. Fine greie!

Til me møtes igjen, så hugs: bunkeren er vår venn.

AUGUST 2010

Huff,så synd

Vyrde golfvener!

For tida blir det lite golf på underteikna. Vanlegvis jobbar eg i land og får dermed golfa ein del i ein utruleg verkelegheitstru simulator,men dei siste vekene har blitt tilbragt med å prøvekøyra ein borerigg mellom japan og sør-korea. (Kim jong il har til alt hell latt oss vera i fred dinna gongen òg).

Heldigvis har me noko som kan minna om internett om bord og med internett kjem youtube. Her er det mykje løye å sjå!

Om ein f.eks skriv inn ”sindre driver 1” så kan ein sjå godeste lone-mann bli oppgitt over eit mindre heldig utslag.

Ellers er det ei gullgruve av artige filmar! Eg har nedst lagd ut nokre lenkjer som kan vera fine å bruka nokre minutt på,dette er underhaldning på høgt (eller lågt alt etter korleis ein ser det) nivå.

Sjølv under det nyleg overståtte NM var det nokre episodar som kanskje burde vore festa til ei minnebrikke. Eg hadde som jobb å gå over scorekorta og telja slag som pedd`n la inn på edb-maskina,men det vart også tid til ein del tusling rundt for å sjå kva deltakarane foretok seg. Store deler av tida tilbragte eg på den pensjonerte telefonstolpen sør-aust for hol 1 for her er det utsikt til tre hol.

Deriblant hadde eg orkesterplass når ein flight slo ut frå tee nr 15.

Dette er ikkje mobbing,heller godlynt underhaldning.

Soga utspela seg som følgjer :

Spelar 3 la seg heilt greit ved kanten av green.

Spelar 1 havna i bunkersen framføre green.

Spelar 2 havna oppå ein stubbe mellom fem kristorntre framføre bunkersen.

Spelar 4 havna i bunkersen,om lag 10 cm framføre spelar 1.

Spelar 2 brukte 2.slaget til å slå seg ned frå stubben og i le 5 cm bak spelar 4.

Spelar 1 valgte så å utføra nm`s kortaste chip berre for å leggja seg rett framføre spelar 4 og 2.

Eg har aldri sitt på maken te ballansamling i ein bunkers. Me snakke om tre balla innan 20-30 cm. Fantastisk!

Spelar 2 klarte så å slå seg sovidt ut av bunkersen og inn i det litt høge graset mellom bunkers og green.

Etter ei lite latterutbrot innad i flighten so ordna det meste seg og alle fekk til slutt krangla seg opp på green og i koppen (eller fuglakassen som eg lika å kalla den).

Eine spelaren i flighten spurde meg etter at han hadde putta om eg hadde hatt god underhaldning dei siste minuttane. Eg kunne ikkje anna enn å svara bekreftande på det.

Moralen i visa i dag er at ein kan sei kva ein vil om ein bunkers,men at den før oss med god underhaldning er det ingen som helst tvil om!

http://www.youtube.com/watch?v=2xYpIGYClJM

http://www.youtube.com/watch?v=zFxz6HDqL7k

http://www.youtube.com/watch?v=osD2U-s8i6E&feature=related

mvh siggen

JULI 2010

Det dufter gull i de grønne skoger!

Kvalifiseringa er vel overstått og til alt hell er korkje underteikna eller per ove med i NM-debatten. Med tanke på fjorårets famøse innsats så kan ein ikkje tolka det på anna vis enn at årets NM bør visa seg som eit resultatmessig betre meisterskap enn det føregåande.

Eg har sjølvsagt ikkje gløymd vika`en sin prima innsats,ei heller den framifrå plasseringa til bjordal jr. Dei representerte klubben med bravur!

Me andre sleit meir. Sjølv hadde eg spesielt hol 1 som min store nemesis. Når eg hadde passert det vassomringa holet for fjerde gong så var eg vel oppe i 25 slag totalt berre der. ALLE feil som kunne gjerast blei gjort der. Eg slo i vasshinder på utslag,droppa ikkje ved hinderet men slo ut på nytt som følge av kortslutning i neperota,dælja ballen til skogs,slo den i min eigen bag og kunne lika godt putta med eit hardkokt egg. Til slutt slo heldigvis galgenhumoren inn og eg klarte klatra nokre plassar og plassera meg likt med anders. Men det var okkesom 10 plasseringar dårlegare enn målsetjing.

Per Ove derimot pissa inn i stadig sterkare motvind etter kvart som dagen skrei fram. Ikkje for å vera frekk,min gode mann,men ei stund der såg det ut som det var fyrste gong han tok i ei golfkølle. Eg minnast at heilt på slutten så braut heile flighten (me hadde grådi fin stemning i oppsamlingsflighten) ut i eit spontanjubelbrøl då litleper`n klarte løfta ballen omlag 30 meter over eit vatn og soviiiiidt til fast grunn.

Men i år,godtfolk,i år trur eg det vert storeslem utført av klubbens vyrde medlemmer som representerer.

Det er jo tidvis særs bra scorar å sjå på listene så dette har eg stor tru på.

Tre ringrevar merkjer seg ut. TGB,benny og vika er alle røynde golfarar som har ein tendens til å setja dei viktige slaga når det dreg seg til.

Eg er heilt overbevist om at minst (!) ein av dei kjem til å enda på pallen og eg vert slett ikkje overgjeden om ”jules rimet” blir verande på stord når turneringa er over.

Lat oss ikkje gløyma dei andre som er med. Det er alle spelarar som kan gå jamnt på par og dermed gjera det særs godt!

Heimebane er ein fordel i alle tenkelege situasjonar,men eg trur kanskje det vert ekstra utslagsgjevande her. Banen er slett ikkje lett. Fleire av greenane hellar og det er meget viktig å vita kva vei bolden trilder.

Så eg trur nok våre beste menn har eit par slag å gå på allereie ut frå startgrinda.

Det kan me lika!

Kristornskogen Open kjem også springande mot oss med lette,ubesudla steg. Diverre får eg ikkje deltatt der heller grunna jobbing i det fjerne østen og dermed er det vidope om kven som hentar heim bøtto.

Nerver av is,stål i ben og armer er som alltid stikkorda. Det vert nok ein fantastisk dag med mykje godt spel,noko mindre godt spel og metervis med røvarhistoriar på kvelden om kor nære alle desse puttane var frå å gå i denne gongen òg.

Ærede medgolfarar : Måtte hell og lukke følgje dykk!

JUNI 2010

Nye utslag » nye problem.

Mykje kan seiast om at da brått er ei handfull nye utfordringa på banen,men forfriskande er det utan tvil.

Nett når me trudde at me kanskje hadde lært oss korleis me skal slå her og lempa der så fleskar dei te og i grunn lagar 7-8 nye hol.

Eg lika da godt. Spesielt begeistra er eg for nya utslaget på hol 7.

Den skarauga golfar har muligens observert at det er ei rimeleg høgreist tre der. (nett i farten kan eg ei erindra om det er ei eik?)

Okkesom,der er det tre måtar å gjere det på.

1)    lempa avgarde eit lavt skot på ondasio av fotosyntesefabrikken. Vel og bra,men noget defensivt i mine auge.

2)    Ta sats og dælja av gårde eit flopshot av klasse,susa øve der elgen med dysleksi sitte (also han so trudde han va skogens kongle) og planta ballen nedi greenen lika attåt flagget.

3)    Legga turen via kvast,kristorn,brakje og anna uvesen godt på høgrasida av eiko. Det kan kanskje leggjast til at denne ruta lett kjem som eit resultat på eit mislukka forsøk på alternativ 2.

Eg SKA øve den kvasten om da so ska ta meg eit år. So høge flopshots er frykteleg vanskeleg å få til,men det gjer det jo bere endo kjekkare.

Eg har dog  ein liten mistanke om at per ove har sett opp den eiko bere for å sjå meg stå der og stonga runde etter runde medan han sjølv står og kneggar.

Det blir jaffal eit stort personleg nederlag å gi opp,så det er ikkje særleg aktuelt.

Til no har eg berre freista lukka ein gong,men det blir å prøva kvar gong eg er der no fram til dagen eg må leggja køllene på hylla.

Men om eg ikkje kjem over innan rimeleg tid så kan det godt henda settet mitt blir senka på djupt vatn nett vestom hestholmane.

Lat oss i dag avslutta med eit sitat eg syns e grådi fint.

The golf swing is like a suitcase into which we are trying to pack one too many things.  ~John Updike

MAI 2010

Alrite!

Då er me godt i gong med sesongen her i skauen. Det var mykje fin golf å sjå i fjor,det var mange folk som verkeleg imponerte og som tok store steg.

Nybyrjarar var brått med å kjempa om sigeren i turneringar og kvar ein runde var spanande og open.

I år ynskjer eg at me tek endo eit steg. Og ikkje eit kva som helst steg.

Eg vil sjå trickshots på banen! Det er mykje opp og ned i tillegg til diverse hindringar der ute og moglegheitane for å improvisera og briljera er særs gode.

Her er det ingen grenser.

Sjølv har eg dratt fleire fine trickshots oppover tida. Vel å merka utan å planleggja dei,det er som regel eit skikkeleg møkkaslag som kanskje susar innom eit tre,får haik med ein måltrost eller som sprett frå stein til stein.

Om eg bere hadde annonsert det på førehand istadenfor å stå å måpa som ei hysa på land etterpå så kunne det vore retteleg so stiligt.

Godeste phil mickelson spelar til daglegt  på pga-touren og han er rekna som ein av dei aller beste gjennom tidene på nærspel. Det er nesten litt grisaktigt å sjå kva den mannen kan få til.

Noko av det røytnaste eg har sett er når han brukar sitt backwardshot. Det er mildt sagt utrulegt.

Det er ikkje så godt å forklare,så om du trykkjer på lenkja nederst så kan du sjå det sjølv.

Så no,vyrde golfvener,gir eg utfordringa over til dykk. Eg reknar ikkje med at nokon klarer dette sånn heilt utan vidare,men lat oss prøva å i det minste få til nokon fancy-smancy slag som det vil gå gjetord om lenge!

Lat meg dra eit sitat frå fantastiske tottenham hotspur f.c. sitt latinske motto : audere-est-facere. To dare is to do. Eller på godt norsk. Den som intet våger vinne jaffal ikkje.

Lukke te!

http://www.youtube.com/watch?v=dUYFbD1rNv0

mvh siggen

JULI/AUGUST 2009

Eit vennlegsinna spøkelse?

Det er vel liten tvil om at det finns meir mellom himmel og jord enn dei fleste andre stader.

Kristtornskogen er intet unnatak. Det har kome meg for øyra at det muligens er ein liten usynleg rakkar som har sitt virkeområde rundt dei grøne grastuster i nærleiken av hol 2.

eit par representanter frå to av the langeland family sine genrasjonar har vore ute for to liknande situasjonar,uavhengig av kvarandre. Dei har slått ut frå tee og hamna godt på sida av greenen. Dette er i seg sjølv ikkje noko å heva augnabryna av,nett det er jo ikkje akkurat uvanleg.

Men når ballen då kjem i retur anar ein brått ugler i mosen! Når ballen landar fint i fairway eller rough så skal den enten bli liggande eller dabba og trilla nokre meter. Slik eg forstår det har ballen i eit tilfelle landa,kikka litt på vèr og føreforhold,ikkje vore nøgd,letta og føke tebake ein 8-10 meter.

Det seier seg sjølv at slikt ikkje er naturlegt.

I eit anna tilfelle har ballen landa til høgre for green,tatt same vurdering som i stad og funne ut at det er mykje kjekkare å ligga i den varme,trygge koppen. Hole in one kallar ein slikt! Hole in one på eit særs besyndarleg måte. Da e eitkvart som foregår der. Og om me då i tillegg tar med utallige kulepennar som brått sluttar å virka,eigar og bandlause ballar som dukkar opp på green heilt utan mål og meining i tillegg til det faktum at eg endo ikkje har klara hole in one så er det ikkje noko som helst tvil at da e eit vaske-ekta spøkelse på ferde i kristtornskogen!

Det er jo kjempegreie,det er ikkje alle banar som kan skryta av slikt. Bana ligg jo midt iblandt fleire vikinggraver,der tenke eg me har grunnen til dette ekstra krydderet når me går rundar. eg må sei at eg likar tanken på at det er ein øøørliten sjanse for kanskje å få litt hjelp om eg (mot formodning) skulle pælma den ballen til skogs.

Ellers så drar det seg jo til mot VM. Ser på listene at det byrjar å bli fullt,ingenting er betre enn det.

Det kommer til å bli knasande kjekt for alle som deltek. Det er jo ein konkurranse og etter mi vurdering er det vidope og spanande korleis resultatlista blir i alle klassar.

A-klassen fungerer jo i tillegg som kvalifisering til NM seinare i haust der dei 5 beste blir kvalifisert. Den godeste thor g. Bjelland blir nok vanskeleg å hamla opp med,men med ein kjempedag,godt med margina med seg og litt margina mot han so skal det vera moglegheita for fleire å snika seg framføre han på listene.

forferande kjekt blir det okkesom,for ikkje å snakka om grådi spanande…!

vel møtt,godtfolk…..

mvh siggen.

JUNI 2009

nervøst samanbrot

For dei heldige som har vore nokre rundar på denne banen har nok bete og togge seg merke i at det er litt lengre spasering til dei to siste hola.

Dette er prima og i aller beste ånd når det gjeld å psyka ut dei som har ein tendens til å bli litt nervøse når ting skal avgjerast!

Kanskje dei ikkje er vane med å ligga godt an,det er truleg mykje prestisje ute og tusla eller kanskje dei rett og slett ikkje likar press.

Då er det neppe bra å ha nokre ekstra bonusminutt der tankane får god tid te å flagra på sine eigne,skakande og spede vengjer. Eg har notert meg fleire som ligg særs godt an føre dei to siste hola,men som raknar i beste glidelåstradisjon og gå på ein kjempesmell. Personleg tykkjer eg dette er svere greier! Ikkje at eg er så særlegt god til å svinga klubbene,men eg likar press og har spela nok golf til å ikkje bli særlegt skjelven i knehasane. Når eg går rundar med gode vener så er eg i tillegg påpasseleg med å få inn eit stikk og to rett over nyrene,litt til venstre for ryggmargen.

Ein slik oppførsel er sjølvsagt uhøyrd i turneringa,men i internturneringa med gode vener der prestisje er alt så er også alle triks lovlege. Sjølvsagt med eit glimt i auga småsalta med blodigt alvor. Det er ikkje mykje som skal til for å tippa ettermiddagen i eigen favør.

Eit lite tips på tampen. Me slo oss samen ein gjeng på omlag ti sjele i helga og laga vår eigen turnering på laurdagsettermiddagen.

Dette er noko eg vil anbefala til alle. knallskøy,særdeles sosialt og det spelar aldeles ingen rolle kva nivå ein spelar på.

Prima oppladnig til påfølgande grilling.

For ikkje snakka om at betre høve til å øve på diskret utpsyking skal ein leita med både lupe og detektor etter. Og dermed vert det også ein framifrå sjanse for dei som kanskje har ein sjanse til å tippa over når ting skal avgjerast. vinn-vinn kallar ein slikt.

Lat oss i bunkerpreikredaksjonen fleska til med eit høvande sitat frå ikkje ukjende bobby jones :

“Golf is a game that is played on a five-inch course – the distance between your ears.”

me snakkast snart igjen.

mvh sigfred

MAI 2009

Hepp hepp!

Då har underteikna omsider fått seg ein prøverunde på banen. Og da e ingen tvil : banen e fantastisk..!

kjenslo før me gjekk ut var ikkje den heilt stora. Og myta om korleis ein skal spela god golf er smidd over følgjande leist….klubba og spelar skal smelta samen som eit. Om ikkje dette er tilfelle so vil ikkje ball og klubba ha den rette pnæsjen som trengst for å landa ballen omlag der ein ser for seg at den litle rakkaren skal landa. Med andre ord så er kjensle,kjensle,kjensle tre nøkkelord når da kjem til vår høgt elska sport.

Og når då alle dei tre orda glimra med sitt totale fråver so såg eg litt halvsvart på det.

Men gjekk alikavel offensivt te verks og heiv raskt ut forslag om ein liten innsats i potten som vinnaren ville nyta godt av,øvebevist om at da ville bli meg.

Itte kvart som nest yngste blad langeland,meg sjøl og den siste gjøken me hadde med tassa rondt banen vart dei fleste sportsåndregla lempa godt nerøve mot kjøtteid`n og jubelen og godtingo øve motstandarane sine feil tok heilt øve.

Spesielt løye var det då tredjemann va innom det meste av greiner og kvast som er rundt utslaga. Det er ikkje fritt for at eit par ukvemsord vart lufta då. Forsåvidt so bør det kanskje reinskasp litt i buskveksten rundt nokre av utslaga.

På siste hol hadde eg to slags leiing på per ove og spenninga var til å ta og føla på. Utslaget mitt var håplaust og ende opp i ein horisontal telefonstopla longt bak greenen. Fekk rota meg i koppen itte kvart og venta i redsel på langeland`n sin avgjerande putt. Jubelbrølet når då per ove sin par-putt snurra rundt koppkanten og VEKK kunne nok høyrast lika te vikjo. Vinnarinstinktet har ein eigen evne te å komma snikande uansett kor laus snipp ein har og kva ein gjere på.

Skuffelsen når me då itte litt finrekning fann ut at me endte opp likt var dertil stor. Håplaust.

Scoren ska ikkje nevnast,for den va skammeleg.

Men da eg sko fram te her e at banen e nett so vanskeleg so eg hadde von om,den e nett so fin å gå som eg trudde og da va endo kjekkare enn forventa….fantastisk.!

Og da besta av alt:eg va ikkje i nerheten av å vera i ein bunkers. Ikkje ein! Godt gjort for ein mann som tiltrekke seg sand på same måte som kuskiten lokka på flogene.

For å sitera ein god kamerat : just call me mister no-bunker man.

kom med innspel,godtfolk….på gjenhøyr.

APRIL 2009

vyrde golfentusiastar (og de som ikkje er fullt so entusiastiske….endo).

velkomne til bunkerpreik,plassen der me snakka om både da eina og hitt.kanskje mest da hitt.

her i bunkeren skal me harselera litt med dei som alltid havnar i bunkerane,dei som likar å vada i vasshinderet og generelt sjå litt skeivt på det som skjer på kristtorngolfen.sjølvsagt skal me vera litt seriøse også,det kjem fort på trykk om det skjer ting som er både verdsveven og jungeltelegrafen verdig. me skal heller ikkje gløyma fine prestasjonar og anna lått & løye som foregår.

men lat meg fyrst sei eit par ord om denne gilde plassen.

bana er som kjend av typen pitch & put,put,put,put,gå no i koppen då,di kvita og ronda mara av ein ting!

dette er ein måte å spela på som er heilt framifrå for alle. nybyrjarar får ein fantastisk inngongsport til ei verd full av gleia,latter,utfordring og frustrasjon,medan meir drevne spelarar får moglegheit til å øva på nærspelet som ein er heilt nødt til å vera dyktig til skal ein gjera det bra på ordinære golfbanar.

betre måte å bruka eit par timar på skal ein leita lenge etter:lett mosjon,frisk luft og fin natur på same tid som ein utfordrar både seg sjølv og andre.

litt slabberas attåt kaffien etter runden medan hans`n og familien fortel røvarhistoriar om kor bra dei spela den gongen ingen såg på høyrer jo sjølvsagt med.

eg trur me alle vil få det uhorvelegt skøy der i skogen. nett korleis det ligg an med offisiell opning veit eg ikkje,men eg veit eg gler meg omtrent lika mykje som litle-per`n gjorde den gongen han for fyrste gong fann ut at når han gjekk julabokk so fekk han nesten heilt utan vidare so mykje snop han bere klarte å dra med seg.

okkesom so vert dette staslegt og eg håpar å få sjå mykje av både store og små svinga klubbene med hjartans lyst på bana.

og ver ikkje redde for å koma med kommentara,synspunkt og innspel.

so me seie her i bunkerpreik : intet slag er for lite,ingen bunker for djup!!

mvh siggen

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.