Om banen

Trykk på kartet for større bilete

Den flotte ni hols Pitch and Putt bana vår ligg i eit vakkert område med god utsikt til både fjord og fjell. Bana er opparbeida i ein av Stords største og flottaste kristtornskogar. Området ligg sørvendt til mot Bømlafjorden og godt i ly for nordlege vindar. Det milde klimaet er med på å  sørga for at me får lange og opplevelsesrike sesongar.

Når du går ein runde i Kristtornskogen Golfpark vil du oppleva eit særeigent område med store historiske verdiar. Her finn ein gravhaugar og andre spor etter tidlegare tider. Nokre av gravhaugane er anslått til å vera 2-4000 år gamle. Det er også innslag av store gamle eiketrær. Dette vil du leggja spesielt godt merke til når du spelar både hol 4 og hol 7.

Dei 9 hola strekk seg frå 29 – 90 meter og gjev utfordringar til nokon og ein kvar. Terrenget er kuppert og vakkert med store høgdeskilnadar frå tee til green.

Dei ondulerte greenane har ord på seg for å vera flotte, raske og vanskelege. Det er 8 sandbunkera på bana og eit lite vatn. Bunkerane er oppbygd med høge bunkerkantar og krev eit godt sandslag viss ein skal komma seg velberga inn på greenen.

Dette er ein Pitch and Putt bane og det stillast dermed ikkje krav til at ein skal ha grønt kort for å få spela. Nybyrjarar må likevel slå ut ei korg og to med ballar før dei slepp ut på bana. Innføring i dei viktigaste reglane vert gjeve. Ta gjerne kontakt med banemannskapet så viser me deg dei grunnleggjande prinsippa for eit golfslag.

Scorekort

*Hol 18 – Konkurranseutslag. På treningsrundar brukast utslag 9
Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.