SØLV til Kenneth Vika i NM!!!
Saturday 5. September 2009
Me vil gratulera Kenneth Vika frå Kristtornskogen Golfpark med sølv under NM i Pitch and Putt i Kvinesdal.
Biletgalleri i botn av artikkelen…….
Dei tre medaljevinnarane. Frå venstre Espen Bermann(3), Bernt K. Nerland(1), Kenneth Vika(2)Kvinesdal: Etter 36 hol skilte det kunn eit slag mellom Kenneth Vika og vinnaren Bernt K. Nerland, og andre plassen i årets NM i Pitch and Putt var dermed eit faktum.
Med tanke på at dette er Vika sitt fyrste NM er det ein fantastisk sterk prestasjon, og sluttscoren som enda opp 3 under par vitnar om stabilt spel gjennom heile turneringa.
Sølvvinnaren meiner sjølv at det var puttinga hans som utgjorde den store forskjellen denne dagen. Han sette mange lange og gode puttar, nokre av dei vart til og med senka frå utsida av greenen.
Uttak til EM i Spania 2010
NM i år og NM til neste år fungerer som uttak til EM for lag som kjem til å gå i Spania i september 2010. Dei 6 beste frå desse to NM får æra av å representera Noregs landslag i Pitch and Putt under dette meisterskapet.
5 deltakarar frå Kristtornskogen Golfpark
Dei andre fire som deltok i frå Kristtornskogen var Ivar Bjordal, Anders Langeland, Per Ove Langeland og Sigfred Stangeland. Ivar Bjordal var den nest beste frå Kristtornskogen og enda opp på ein respektabel 23 plass.
Spelet til dei tre andre var prega av for stor ustabilitet, og sluttscoren vart dermed for høg til at to blad Langeland og eit blad Stangeland kunne seia seg heilt fornøgd med eige spel.
Alle var einige om at dette hadde vært ei flott helg, og at arrangørane hadde gjort ein kjempe jobb for å få til eit minneverdig arrangement på ein framifrå vakker bane.
Utsikten Golfpark er absolutt vert eit besøk anten ein vil spela 9 hols pay and play bana, eller den fullverdige 18 hols bana som er å rekna som ein av Noregs vakraste banar.
NM 2010
Neste år verte det arrangert NM på heimebane i Kristtornskogen, så nå er det berre til å legga seg i hardtrening eit slikt arrangement er absolutt vert å få med seg, og kanskje kan me klara å ta heim den gjevaste pokalen i vår eiga “leikegrind”.
- Dream team; Kristtornskogen Golfpark NM Pitch & Putt 2009
- Per Ove Langeland slår ut på hol 4
- Sigfred Stangeland slår ut på hol 4
- Anders Langeland landar trygt på green 4
- Anders Langeland kranglar med bunkeren på hol 5
- Rett i koppen, Anders Langeland
- Sigfred beheld roen og sikrar eit sterkt par på hol 3
- Hyttefanten som knakk sofaen, men neveflink som han er vart den lett fiksa.
- Espen Bergmann(3), Bernt K. Nerland(1), Kenneth Vika(2)
- 2. plass