MATCH PLAY: Spaning til siste hol

Tuesday 8. September 2009

Thor Gunnar Bjelland verte gratulert av Arne Bjelland

Thor Gunnar Bjelland verte gratulert av Arne Bjelland

Det måtte 18 hol til i årets match play turnering før det kunne kårast ein vinnar i den spanande finalen.

Sjølv med 13 slag mindre tildelt måtte Thor Gunnar Bjelland finna seg i å bera eit alder så lite favoritt stempel i denne duellen med Arne Bjelland.

Det skulle derimot vise seg å verte ein særdeles jamspela kamp.

Birdie på fyrste hol

Arne let seg ikkje skremma av den meir meritterte Bjelland, og sette like godt standarden allereie på fyrste hole der han på stødig vis senka birdie-putten.

Midtvegs på fyrste runden leia stadig Arne Bjelland med eit hol, men nå var det tid for at Thor Gunnar skulle henta fram storspelet sitt, og etter 12 hol var den tidlegare bordtennis spelaren føre med 4.

Thriller avslutning

Men Arne hadde nerve av stål og tok heim det 13. holet med ein birdie. Noko som tydeleg gav inspirasjon, og frå dette holet og ut spela Arne Bjelland stødig golf med vekselvis par og boggie.

Då dei slo ut på hol 16 leia Thor Gunnar med 3 hol på Arne, og han ville med siger på dette holet avgjera finalen. Om det var nerve eller om det var konsentrasjonssvikt som med eit trefte Thor Gunnar, det skal vera usagt, men lika eins så missa han ein 1 meters putt som han normalt sett senkar  “med begge henda i fatle” – for å sitera han sjølv.

Thor Gunnar bommar på utruleg vis ein "sikker" putt

Thor Gunnar bommar på utruleg vis ein "sikker" putt på hol 16

Då Arne Bjelland haldt roen på hol 17, og kneip eit poeng på Thor G. hadde sist nemnde kun ei 1 poengs leiing før det siste holet

Turneringa skulle dermed avgjerast på det 18 holet. Her skulle Thor Gunnar visa kva han var laga av, og fekk revansje for den miserable putten på hol 16. Han senka iskaldt ein flott birdie og turneringa var dermed avgjort.

Kristtornskogen Golfpark gratulerer Thor G. Bjelland med sigeren, Arne Bjelland med 2. plass og Fred Larsson med 3. plassen.

Arne Bjelland(2), Thor Gunnar Bjelland(1), Fred Larsson(3)

Arne Bjelland(2), Thor Gunnar Bjelland(1), Fred Larsson(3)

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.