To generasjonar Bjordal var i ein klasse for seg.

Thursday 17. September 2009

Frå venstre Eivind & Ivar Bjordal,Kai og Geir Ove Rydningen, Hans & Gunn Langeland

Frå venstre Eivind & Ivar Bjordal,Kai og Geir Ove Rydningen, Hans & Gunn Langeland

Det vart ei særs jamn turnering i kveld, men to av deltakarane var likavel i ein klasse for seg sjølv.

Ivar Bjordal og sonen Eivind viste seg å vera særdeles sterke i par – turneringa som torsdag 17.09 vart arrangert i Kristtornskogen. Når dei tildelte slaga var trokke frå stod dei igjen som vinnarar. Med ein margin på 11 slag ned til andreplassen var ingen i nærheita av å hamla opp med far og son Bjordal i kveld.

Frå 2. til 6. plass skilde det berre 5 slag, og små marginar vart dermed avgjerande.

Det går gjeteord om Gunn Langeland sin putt på hol 8, der ho på elegant vis senka ein særs vanskeleg 10 meters putt. Med tanke på at holet i dag stod frekt plassert oppe på platået var dette ein sterk prestasjon. Diverre satt ikkje nærspelet til makker og ektemake Hans Langeland som det normalt gjer denne kvelden, og dei måtte dermed til slutt sjå seg slege med èitt slag av Rydningen brørne.

Mange sterke par måtte ta til takke med plasseringar litt nede på resultatlista. Korkje Vestlandsmeisteren Anders Langeland med makker Sigurd Sævareid eller paret Bjelland/Severinsen nådde heilt opp på denne flotte kvelden i Golfparken.

Plass. Par Score
1 Eivind & Ivar Bjordal 125
2 Kai & Ove Rydningen 136
3 Hans & Gunn Langeland 137
4 Anders Lang. & Sigurd Sæv. 139
5 Frode S & Bjørn E 140
6 Thor Gunnar B & Odd Magnus S 141
7 Brynjar Lima & Christer Skaathun 143
8 Torill Rydningen & Kristian Løvland 150
9 Andre & Laffen 158
10 Anton Klausen Per Langeland 163

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.