Avslutningsturnering/fest Fredag 09.10.2009
Sunday 27. September 2009
OBS: For at me skal vera sikker på at det vert mørke under turneringa er starten utsatt til klokka 19.00. Oppmøte vert då klokka 18.30 for dei som skal spela turnering, og klokka 20.00 for dei som kjem til sosialt samvær.
Det er fortsatt nokre ledige plassar. For å få med flest mogeleg har me dermed utsatt påmeldingsfristen til torsdag 08.10.
Me vil ønskja dykk hjarteleg velkomen til årets avslutningsturnering i Kristtornskogen Golfpark.
Etter turneringa inviterer me til avslutningsfest i Kristtornbua.
Er det nokon som ikkje vil vera med på turneringa, men berre på festen, er dette sjølvsagt fullt mogeleg.
Turneringa startar klokka 19.00 Alle som skal spela må møta opp klokka 18.30.
Det vil verte spela 9 hol slagspel, der me nyttar Kristtornskogens eige handikap system.
Turneringa kjem til å gå føre seg etter mørkets frambrot, dermed må det spelast med lysande ballar. Det vil også verte utplassert lys på flagga.
Alle bør ha med seg ei lommelykt. Hovudlykt er å anbefala.
Me oppmodar alle som har fått ”Hole in One” på hovudbana til å melda seg på, då det kjem til å verte avhalde ein eigen konkurranse for dei.
Påmelding innan torsdag 08.10.(utvida frist) til Hans Langeland tlf: 95750211.
Pris: kr 200 for dei som kjem til festen, og kr 350 for dei som også skal spela turnering(lysballar er då inkludert i prisen)
På menyen vil det stå Pizza. Kaffien er sjølvsagt også inkludert.
Det verte sal av øl og vin og me må dermed ha 18 års aldersgrense. Vel møtt!