Espen Kyvik; Nattgolfmeister 2009
Sunday 11. October 2009
Diverre vart resultatlista utegløymt i går, den ligg nå nedst i artikkelen!
Som ut av det blå kom Espen Kyvik, han spelte dei 9 hola, drog heim før festen starta (grunna fotballkamp dagen etter), og kunne seinare på kvelden kårast til årets nattgolfmeister i Kristtornskogen Golfpark. Med sin nettoscore på 34 slag vart han dermed den fyrste til å vinna ei turnering i Golfparken der tevlinga gjekk føre seg i stummande mørke.
Med 29 startande var det god oppslutnad om årets siste turnering i Kristtornskogen.
Ein skulle kanskje tru at det ikkje let seg gjera å spela golf etter mørkets frambrot, men med lysande ballar, gode hovudlykter og lys i koppen så vart dette ei retteleg så fornøyeleg oppleving. Tilbakemeldingane frå deltakarane var udelt positive. Mange var så ivrige at dei i staden for å hygga seg med ei øl og to i Kristtornbua ville ut og spela 9 nye hol. Kjekt å høyra, det verte definitivt ei ny turnering til neste haust.
På “Banketten” etter turneringa vart det servert god pizza, og folket fekk høve til å prata ut om kveldens storhending i koselege omgivnader i Kristtornbua. Mang ei “golfskrøne” vart fortalt. Eiga turnering for dei med Hole in One i Golfparken vart arrangert, og etter at baren hadde spandert nokre Cognac ”på huset”, til dei som gjorde seg fortent til det, kunne me kåra ein vinnar. Med stødig hand og iskaldt vinnarinstinkt vart banemeister Hans Langeland til slutt for skarp for både Sagvågsbuar og nære naboar frå Lauvdalen.
Når det speles med handikap jamnar nivåforskjellane seg ut, og den som prikkar forma inn til turneringsdagen har gode sjansar for å få med seg den gjævaste premien heim. Denne kvelden var det Espen Kyvik som viste fram det litle ekstra. På vegne av Kristtornskogen Golfpark vil me gratulera med ein imponerande prestasjon.
(Me orsakar at det ikkje vart teke noko bilete denne kvelden. Underteikna gløymde diverre att sitt eminente kamera heime)
Sesongen vidare
Sidan det er så gode vêrmeldingar for veka, kjem bana til å vera open også kommande veke. Me ønskjer alle saman velkommen til å spela på ein bane som har haldt seg særdeles godt gjennom alle regnbyene som har vore dei siste månadane. På ein finvêrsdag kan ein gå runden i “småsko”, og likevel vera tørr på beina når ein kjem ned frå hol 9.
NM 2010
Neste år skal me arrangera NM i Pitch and Putt. Dette gler me oss veldig til, og om ikkje lenge vil planlegginga starta for fullt. Viss det er nokon som vil vera med å yta ein innsats for at dette skal bli eit flott arrangement, er det berre til å ta kontakt, så finn me sjølvsagt noko som passar. Me er takksam for all den hjelp me kan få.
RESULTATLISTE NATTGOLF 09.10.09 | ||||
Plassering | Navn | Slag | Mottatte slag | Score |
1 | Espen Kyvik | 43 | 9 | 34 |
2 | Andreas Salomonsen | 40 | 5 | 35 |
2 | Per Ove | 38 | 3 | 35 |
4 | Mindur Brundtland | 45 | 9 | 36 |
4 | Kai Rydningen | 40 | 4 | 36 |
6 | Odd Magnus Severinsen | 41 | 4 | 37 |
6 | Steinar Røgenes | 40 | 3 | 37 |
6 | Hans K. Kismul | 40 | 3 | 37 |
9 | Ole H. Sætre | 43 | 5 | 38 |
9 | Ole Johan Fosse | 47 | 9 | 38 |
9 | Svein Teiglid | 47 | 9 | 38 |
9 | Anne Britt Ottesen | 47 | 9 | 38 |
12 | Jostein Dahl | 43 | 4 | 39 |
12 | Per Eriic Nordbø | 48 | 9 | 39 |
12 | Cecilia Ottesen | 44 | 5 | 39 |
15 | Hans Langeland | 45 | 5 | 40 |
15 | Geir Ottesen | 45 | 5 | 40 |
15 | Terje Salomonsen | 45 | 5 | 40 |
15 | Jarle Larsen | 49 | 9 | 40 |
15 | Kurt Mortensen | 43 | 3 | 40 |
20 | David Petter Green | 45 | 4 | 41 |
22 | Geir Ove Rydningen | 45 | 3 | 42 |
22 | Johannes Skjerven | 50 | 8 | 42 |
24 | Olav Selvåg | 52 | 9 | 43 |
24 | Gunn Dahl | 50 | 7 | 43 |
24 | Anders Langeland | 45 | 2 | 43 |
27 | Torill Rydningen | 52 | 8 | 44 |
27 | Per Langeland | 52 | 8 | 44 |
29 | Anton Clausen | 59 | 9 | 50 |