Godt nytt år!

Wednesday 13. January 2010

Med dette stemningsfulle vinterbiletet frå Kristtornskogen Golfpark vil me ønskja alle våre medlemmar, sponsorar, hjelparar, gjestespelarar og andre eit riktig godt nytt år.

19122009595

Sjølv om det er isande kaldt ute og det stadig ligg 20 cm med snø, vitnar lysare ettermiddagar om at det nå går mot vår og varmare tider att.

Her i Kristtornskogen er me i full gang med å planlegga 2010 sesongen.

Utvidingar

Etter sesongslutt har bane-eigar, Hans Langeland vore travelt oppteken med å rydda plass til nye utslag som vil gjera banen både lengre og meir utfordrande. Planen er at me innan sesongstart skal ha klar seks nye utslag mot dei ni eksisterande greenane. I tillegg til dei nye, vil dei gamle utslaga verte ståande der dei var i fjor. Me har tru på at dette er ei utviding som kjem til å verte teken vel i mot av våre brukarar. Dei 6 nye “hola” virke alle både  spanande  og kjekke å spela.

Etter kvart som snøen smeltar håpar me på å få komma i gang med å grava ned det nye vatningsanlegget. Det kjem til a verta installert ein pop-up spreiar ved kvar green.

Turneringar

Turneringane er ikkje heilt spikra enda, men me planlegg eit tettare turneringsprogram i år enn i fjor. Me håpar å ha klar ein turneringsplan til starten av februar.

NM 2010

Me har fått æra av å arrangera NM i Pitch and Putt i år; eit arrangement som me ser fram til med stor spaning. Laurdag 29.05 er den store dagen. Dei som kvalifiserer seg til  meisterskapet vil denne dagen spela 36 hol, fordelt på 2 x 18, avbrote av ein lunsjpause midt på dagen. I Løpet av våren vil me setja opp kvalifiseringsturneringar i Kristtornskogen Golfpark. Så for dei som har ambisjonar om å komma med, er det berre til å finna fram golfkøllene og komma seg i trening.

Andre klubbar tilslutta Pitch and Putt forbundet vil verta invitert til å delta med sine beste spelarar. NM 2009 0g 2010 fungerer også som uttak til EM i lagspel. Eit arrangement som kjem til å gå av stabelen i september 2010 i Spania. Med NM og kvalifisering på heimabane, burde det absolutt vera mogelegheit for å få med ein eller to spelarar.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.