Reisebrev frå Lanzarote

Friday 22. January 2010

DSC00350

I skrivande stund er banemeister Hans Langeland med Fru, å finna blant palmesus og bølgjeskvulp på den spanske øya Lanzarote.

Etter ei veka fekk dei hyggeleg, og overraskande selskap av systera Gunn og svogeren Jostein.

Gunn og Jostein er godt kjente blant golfvener i Kristtornskogen, då dei er to av dei ivrigaste medlemma me har. Redaksjonen er takksam for at kvartetten, mellom sykling, paraplydrinkar og lange dagar på golfbanen har funne tid til å senda oss eit reisebrev frå Pitch and Putt banen i Playa Blanca.(Redigert av underteikna)

På ein kjekk og flott bane låg alt til rette for det som skulle visa seg å verta ei spanande internturnering dei fira i mellom. I 27 grader og strålande solskin var det Jostein som opna best. Etter dei første ni, som var jamspelte, leda puttespesialisten frå Lauvdalen med 2 slag på banesjefen vår. Tett fylgt av Gunn på haugen og Gunn i dalen.

Etter ein pause der nærvene fekk kvila, var det klart for å ta fatt på andre runde. Her kunne alt skje, og ingenting var avgjort. Dei skriv at spaninga haldt seg dei første hola, men etter kvart henta “Hansemann” fram storspelet, og distanserte dei andre med klar margin. Jostein som gjekk på ein totalsprekk i varmen klarde å berga 2. plassen, 7 slag bak vinnaren, og tett fylgd av to blad Gunn.

Sluttscore:

Hans 78

Jostein 85

Gunn Lang. 88

Gunn Dahl 90

Scoremessig har dei nok alle litt å gå på, men det er tidleg i sesongen, og mens me andre vernar oss så godt me kan mot den bitande austavinden her heime, nyt Gunn, Hans, Jostein og Gunn livets glade dagar på den vulkanske øya utanfor kysten av Afrika, kor dei prikkar inn god -svingen mot sesongen her heime.

Me vil ønska dei ein fortsett god tur!

PS: Viss det er andre som har vore rundt omkring i Noreg, eller i den vide verda og spela golf, tar me gjerne i mot fleire lesarbrev.

Bilde0031

Gunn har stilen i orden..

Bilde0030

Jostein i djup konsentrasjon føre ein avgjerande putt..

DSC00347

Hans viser korleis det skal gjerast..

DSC00351

Ein glad gjeng etter ein fin dag på Pitch and Putt banen i Playa Blanca.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.