Møte i EPPA, FIPPA – Calella(Barcelona)
Tuesday 16. March 2010
Torsdag 11.03 gjekk turen mot varmare strøk, eller det vil sei, det eg trudde skulle vera varmare strøk. For første gang på 25 år valde vêrgudane å senda 50 cm med snø til Girona området i nord Catalonia. Noko som førte til at det 4. Catalonia open måtte flyttast frå Mas Pagés i Girona til Sant Cebrià utanfor Calella.
Etter å ha reist i 14 timar for å komme frå Vestlandet til nord Spania må eg seie at det var med litt vemod eg registrerte at temperaturmålaren viste -4 grader Celsius i det eg steig ut av flyet. Heldigvis skulle det vise seg å bli mykje varmare etter kvart.
Fredag 12.03 gjekk med til å gjennomføre årsmøte i både EPPA(European Pitch & Putt Association) og FIPPA(Federation of International Pitch and Putt Associations). Her vart Jo G. Brand frå Imjelt Pitch and Putt gjenvald til Visepresident i EPPA, før han seinare på dagen vart vald inn som styremedlem i FIPPA. Me vil nytta høve til å gratulera Jo med dei to verva. Frank Smith vart vald til president i både EPPA og i FIPPA.

Det Nye EPPA styret, frå venstre: Toni Lloret (Catalonia), Jo G Brand - Vice President (Norway), Frank Smith - President (Ireland), Brigitte Albisetti (Switzerland), Michael Murphy (Ireland).
Elles kan det meldes at det er kome ein ny versjon av den internasjonale regelboka til FIPPA for Pitch and Putt. Ein av dei største endringane frå den gamle, er at det nå verte lovleg å ta i mot, og gje pengepremiar, til dei som kjem på dei første plasseringane i ei turnering. Den totale premiesumen får ikkje overstiga 2500 EUR, og vinnaren kan maksimalt få 750 EUR. Sjå link: FIPPA Regelbok 2010
For dei som skulle spela Catalonia Open var det turneringsstart laurdag morgon. Noreg hadde her med ein spelar – senioren Anders Juel frå Imjelt Pitch and Putt. Han gjorde ei flott turnering, og med totalt 4 slag over par på dei 56 hola, enda han omtrent midt på treet blant dei 102 som stilte til start.

Anders Juel slår ut på fyrste runden i 4. Catalonia Open
Etter å fylgt Anders store deler av fyrste runden, fann endeleg underteikna tid til å spela ein runde med Pitch and Putt. I lag med presidenten og visepresidenten i det Tyske Pitch and Putt forbundet, samt to frå Austerrike som har sin eigen bane utanfor Wien, reiste eg opp til eit vakkert anlegg som heiter Handicap 1. Dette er ein 18 hols bane med tronge fairwayer, små greener, mange trær, og med hol som er bygd på kryss og tvers i eit kupert landskap – ein flott bane som var særdeles kjekk å spela.
Det vart ein spanande match der eg spela på lag med dei to representantane frå Tyskland, men til slutt måtte me konstatera at slaget var tapt etter å ha bomma på tre korte puttar på rad på det 17. holet. Dei to brørne frå Austerrike, som var golfbane arkitektar av yrke, kunne sleppa jubelen laus, og innkassera heider, ære og gratis drikke til kveldens middag.

Austerrike puttar og sikrar paret
Eg vil nytta høve til å rosa arrangørane for eit flott opplegg, både for dei som spela turnering, og for oss representantane frå dei ulike europeiske Pitch and Putt forbunda. Både spelarar og representantar var innlosjert på det same hotellet, dette gjorde at det i tillegg til det sportslege var ei fin sosial ramme rundt arrangementet. Eg kan på det varmaste anbefala alle som ein å melda seg på ei internasjonal turnering. NPPF har til alle opne turneringar ein kvote på 5 – 10 spelarar som me kan melda på. Sidan P&P fortsett er ein ung og forholdsvis liten sport i Noreg, pleier det å vera plass til dei som vil delta.
Fram til sommaren vil det verte arrangert opne turneringar i Irland, Sveits, Holland og ikkje minst på Imjelt utanfor Drammen. Ta kontakt med underteikna eller Jo G. Brand viss De ynskjer å delta. Normalt så klarer alltid arrangøren å ordne rimeleg overnatting i nærleika av banen det speles på, og med Ryan Air, Norwegian, Air Baltic eller eit anna lågpris – selskap er det gode mogelegheiter for å få tur-retur billettar til under 1000-lappen.
Per Ove Langeland

Handicap 1

Handicap 1

Tysklands president på det 15. holet

Jo G. Brand og Anders Juel "by night"