Ein strålande dag for Pitch &Putt

Saturday 4. September 2010

Frå v. Ørjan Olausen(4), Anders Langeland(2), Thor Gunnar "TG" Bjelland(1), Karl Bjelland

Thor Gunnar Bjelland, Stordmester i Pitch & Putt 2010

Med strålande solskin og over 30 deltakarar fordelt over 2  klassar, må Stord Open 2010 seiast å ha vore ein suksess. Kampen om sigeren skulle som så ofte før stå i mellom “TG” Bjelland og Anders Langeland.

Anders kom best i gang, og etter dei 9 fyrste hola leda han med 2 slag på Thor Gunnar. Det var på dette tidspunktet jamt i toppen og 5 spelarar låg innafor ein margin på 3 slag.

Men dette var dagen då Thor Gunnar skulle få sin revansje på fjorårets Vestlandsmeister. Ingen kunne stilla opp mot Bjelland sin knallsterke siste runde på 26 slag. Kulio-travaren som har sitt heimehol i Smalabrotet(hol 8), skulle endeleg få full utteljing i ei stor turnering, og var dermed den som til slutt hadde størst grunn til å jubla høgast.

Thor Gunnar vann turneringa med totalt 55 slag(+ 1) over 18 hol.

Thor Gunnar hadde i dag stilen inne

Thor Gunnar i fin stil slår ut ved hol11

Klasse B

På fredagen 03.09 avvikla me klasse B. I denne klassen vart det også kåra beste senior og beste junior. Per Skjønberg som er ein av dei faste deltakarane i onsdagens seniorgruppe var denne dagen i ein klasse for seg sjølv. Han knuste konkurrentane og vann til slutt klassen med heile 10 slag ned til nummer 2 på lista, som vart Jørgen Langhelle med 84 slag.

Me gratulerer Per med flott innsats, og lar oss imponera over dugleiken hans. Det er ikkje mange månadane sidan han byrja å spela Pitch & Putt.

Beste junior vart Håkon Bakke Korsvik.

Sjå her for resultatlista frå Stord Open 2010

Neste helg er det Vestlandsmeisterskap på Sotra. Kristtornskogen Golfpark arrangerer felles transport for dei som ønsker å vera med. Turneringa vil gå over 36 hol med innlagt lunsj som er inkludert i påmeldingsavgifta.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.