Kulio-meisterskap 2012
Wednesday 16. May 2012
19 deltakar fullførte det årlege Kulio-meisterskapet som vart arrangert i anledning at Thor Gunnar Bjelland (tidlegare Stordabu) er på besøk frå Sverige. Kulio-meisterskapet vart spelt utan hcp, og det vart sjølvsagt premiering. Til tross for det sure og våte vêret var folk smilande og glade, og det var stor stas under premieutdelinga.
Thor Gunnar presterte å få hole in one (på hol10) i si eiga turnering. Kristtornskogen gratulerer så mykje!
Thor Gunnar Bjelland
I kvart Kulio-meisterskap blir vinnaren sitt namn skrive på vandrehatten. Når ein person har fått namnet sitt på hatten tre gonger, får han eller ho hatten til odel og eige. I dagens turnering vart Kenneth Vika sit namn skrive på vandrehatten. Kenneth Vika vann med 55 slag. Anders Langeland kom på 2. plass med 58 slag. Like bak Anders var Einar Grønevik med 59 slag.
Kenneth Vika og Hans Langeland
Då første, andre og tredjeplassen var delt ut, var det trekning av premiar, alle som deltok i turneringa kunne vinne. I dag var det Jan Åge Sande og Astri Andersson som var så heldige å vinne. Gratulerer.
Her er resultatet frå turneringa:
Namn | Bruttoslag |
Kenneth Vika | 55 |
Anders Langeland | 58 |
Einar Grønevik | 59 |
Petter Larsen | 65 |
Joakim Borchgrevink. | 65 |
Hans Langeland | 65 |
Roar Hystad | 67 |
Hans Kristian Kismuel | 68 |
Helge Sætre | 69 |
Halvor Grov | 69 |
Jan Åge Sande | 69 |
Ole Håkon Sætre | 71 |
Thor Gunnar Bjelland | 71 |
Terje Salomonsen | 73 |
Kevin Hennis | 77 |
Ørjan Olausen | 79 |
Olav Myre | 84 |
Astri Andersson | 86 |
Per Folgerø | 97 |