Kanonrunde for Anders i T-Tour 5
Thursday 24. May 2012
19 deltakarar fullførte T-Tour 5 i det nydelege sommarvêret. Anders Langeland hadde ein kanonrunde, og fekk dagens beste bruttoscore på 52 slag! Anders gjekk to under banens par.
Anders Langeland
Oversikt over full bruttoscore finn du her.
Trykk her for å få oversikt over premielista (netto).
Kenneth Vika kom på 2. plass med 55 slag brutto. Jan Åge Sande fekk 3. plass med 58 slag.
Steinar Nordhus hadde beste netto på 47. Anders Langeland kom på 2. plass, og hadde ein netto på 49. Gunn Langeland og Kevin Hennis hadde begge 51 netto. Sidan Gunn hadde ein betre i hcp (18 mottatte slag) enn Kevin (19 mottatte slag) fekk Gunn 3. plass netto og Kevin 4. plass.
(Frå v.) Steinar Nordhus (beste netto) og Tore Hammersland satt og koste seg i det fine vêret, medan dei rekna ut scoren over ein kopp kaffi.
Me er no kommen til T-Tour 5. Så langt er det Anders Langeland som ledar med eit snitt på 56,0 brutto. Kenneth Vika ligg på andre plass med eit snitt på 58,6. Ingen ting er avgjort enda, så det blir veldig spennande å sjå kven som stikk av med sigeren til slutt!