T-Tour 6 – 31.05.12

Thursday 31. May 2012

Fullt resultat brutto finn du her.

Oversikt over pengepremiane (netto) finn du her.

Flott vêr og glade golfspelarar er stikkord frå T-Tour 6.  I T-Tour 6 var det 26 deltakarar som fullførte.

Kenneth Vika og Anders Langeland som er høgast på tabellen så langt, gjorde det også bra denne gongen. Kenneth fekk beste bruttoscore på 54 slag, Anders hadde 56 slag brutto. På tredje plass brutto kom Ørjan Olaussen med 58 slag.

Kenneth Vika

Beste netto i T-Tour 6 var det Morten Hillestad som hadde. Morten storspelte, og slo resten av bowling-gjengen som han gjekk i flight med. Morten hadde ein netto på 45! Joakim Borchgrevink fekk 2. plass netto på 48. Ørjan Olaussen og Terje Salomonsen hadde 49 i netto begge to, men sidan Ørjan har lågast hcp fekk han 3. plass og Terje 4. plass netto.

Morten Hillestad

Kristtornskogen gratulerer også Ørjan Olaussen (3.plass netto) med hole in one på hol 8!

Ørjan Olaussen

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.