Udnadalen Open 2012

Sunday 3. June 2012

Endeleg kom dagen for Udnadalen Open 2012!  Det var flott vêr og god stemning på turneringa.

Fylg link for den totale resultatlista.

(Score pr. hol vil bli publisert i HCP systemet.)

Resultatet for dei tre beste i klasse A og klasse B ser slik ut: 

Klasse A
Plass Namn Slag
1. Kenneth Vika 114
2. Anders Langeland 120
3. Einar Grønnevik 121
Klasse B
Plass Namn Slag
1. Arne Strandenes 152
2. Vidar Skulstad 153
3. Torleiv Sydnes 154

Kenneth Vika, Anders Langeland og Einar Grønnevik som blei dei tre beste i klasse A, skal vere med å konkurrere i NM som er i Trysil 3-5. august. Kenneth Vika spelte i ein klasse for seg sjølv i denne turneringa, og viste stort talent i golf.  Spelet mellom Anders og Einar var svært jamt, og ingen ting blei avgjord før hol 18!

(Frå v.) Kenneth Vika (best i klasse A) og Arne Strandenes (best i klasse B)

Dette var ein lang dag for golfarane, men til tross for at deltakarane var trøtte og slitne på slutten var det god stemning og godt humør under premieutdelinga og loddtrekninga.

Det er mange hole in one for tida, og i denne turneringa fekk Asbjørn Tverdal hole in one på hol 7. Kristtornskogen gratulerer!

Asbjørn Tverdal

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.