T-Tour 8 – Ny netto rekord
Thursday 14. June 2012
I T-Tour 8 var det 24 deltakar.
Anders Langeland fekk beste brutto, på 56 slag. Ørjan Olaussen, Andreas Salomonsen og Kenneth Vika hadde alle saman 61 slag brutto. Ørjan gjekk dei siste ni hola best (29 slag), og fekk derfor 2. plass. Kenneth gjekk dei siste ni hola på 33 slag, og Andreas på 32 slag. Sidan Andreas har minst slag, får han 3. plass brutto.
Full oversikt brutto finn du her.
Full oversikt netto (pengepremiar) finn du her.
På bilete: Anders Langeland
Resultatet for dei fire beste i netto ser slik ut:
Namn | Netto | |
1 | Willy Ersland | 43 |
2 | Anders Langeland | 53 |
3 | Andreas Salomonsen | 53 |
4 | Ørjan Olaussen | 54 |
Willy Ersland storspelte i T-Tour 8, og fekk ny netto rekord. Alle dei tre i Willy sin flight (inkludert Willy) skaut ballane Bort til Jossajuvet, men Willy klarte seg best ut der i frå.
Bilete av Willy Ersland i det han skaut ut frå Jossajuvet og senka ein birdie
Anders Langeland og Andreas Salomonsen fekk den same nettoen, men sidan Anders har best hcp fekk han 2. plass netto, og Andreas 3. På 4.plass netto kom Ørjan Olaussen. Ørjan hadde den same nettoen som Terje Salomonsen, med på grunn av hcp kom Ørjan på 4. plass.