T-Tour 9 – 21.06.12
Thursday 21. June 2012
I T-tour 9 var det 29 deltakarar, ein i frå deltakarrekorden som er på 30 deltakar. Kvar torsdag den siste tida, har sommarøya Stord vist seg frå si beste side. Også i T-Tour 9 var det nydeleg sommarvêr.
Full brutto oversikt finn du her.
Oversikt over pengepremiane (netto) finn du her.
Nok ein gong fekk Anders Langeland beste bruttoscore. Denne gongen fekk Anders ein brutto på 56. Anders gjekk i flight med Kenneth Vika og Andreas Salomonsen. Alle dei tre har vore høgt oppe på tabellen kvar gong. T-Tour 9 vart ingen unntak. Kenneth Vika fekk 2. plass brutto med 58 slag, og Andreas Salomonsen fekk 3. plass med 60 slag.
Tore Hammersland fekk beste netto, på 47. Tore spelte ein kjemperunde! Puttinga byrjar også å sitje svært bra no, og Langeleifen (kølla til Tore, 8 jern) gjorde jobben i forkant.
På bileta: Tore Hammersland (beste netto)
Kevin Hennis og Jarle Alvsvåg spelar begge to godt og stabilt for tida. I seinare ettertid blei det funne ein feil i hcp-systemet. Det viste seg at Jarle fekk 2. plass netto på 50. Kevin Hennis og Terje Salomonsen fekk begge to ein netto på 51. Sidan Terje hadde betre hcp enn Kevin fekk Terje 3. plass netto og Kevin 4. plass. Kevin får likevel pengepremie på 80 kr, som det først stod han skulle.
Kristtornskogen vil også gratulere Arne Strandenes med hole in one på hol 1!
På bilete: Arne Strandenes