T-Tour 10

Thursday 28. June 2012

Ørjan Olaussen bilete(arkiv) - beste bruttoscore i T-TOUR 10

Siste turnering før somarferien vart i dag avvikla i strålande solskinn.

Ørjan Olaussen byrjar å finna NM formen, og spela i dag inn til beste brutto score med sine 57 slag. “Sandeguten” – Jan Åge – spelte og ein sterk runde og enda til slutt på 59 slag brutto.

I HCP tevlinga var det fylgjande tre som inntok pallplasseringane:

1. John Gundersen   48

2. Ørjan Olaussen     49

3. Jan Åge Sande      53

Gratulera til Gundersen med flott spel!

John Gundersen(bilete) vinnar T-Tour 10

Bruttoscore og oppdatert pengelista finn de under “Resultatservice” øvst på sida. Fullstendig resultatlista med oppdatering i HCP systemet kjem i løpet av neste veke (“innskrivaren” har bevilga seg ein velfortjent ferie)

Så til dagens store bragd…

Udnadals-travaren og P&P talentet  Joachim Borchgrevink presterte kunststykket å senka ballen til Hole in One på green 1… rett nok er han ikkje den fyrste som har klart dette, men neppe har vel andre tidlegare prestert det same frå Tee nr 16… Kristtornskogen gratulerar sjølvsagt med den fin – fine Hole in One – dog på ein noko utradisjonell måte 🙂

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.