NM Pitch & Putt 2012
Tuesday 31. July 2012
Til helga (3.-4.august) spelast NM i Pitch & Putt på Trysil.
Trysil GK sin kortholsbane har ei sløyfa på 6 hol som skal spelast 3 gongar (18 hol) på fredagen (lagkonkurranse) og 3×2 gongar (36 hol) på laurdagen (individuell konkurranse).
Lengder på hola: 1. 81m, 2. 70m, 3. 79m, 4. 55m, 5. 65m og 6. 88m.
Program finn du her.
Kristtornskogen sender følgjande medaljekandidatar:
Einar Grønnevik, Ørjan Olaussen, Anders Langeland, Jan Åge Sande, Andreas Salomonsen og Thor Gunnar Bjelland.
Sjå komplett deltakarliste her.
Kristtornskogen har håp om at Slugger-Bjelland (@TGBJ) kjem til å twitre LIVE frå turneringa.
Han har allerede, i kjent stil, uttalt følgjande på Twitter:
“Då er det klart at eg reiser til Trysil og plukkar eit NM-gull i golf-P&P førsta helgo i august.”
“Har kosta støvet av “Pitch & Putt” køllene i dag, og råare køller finnes ikkje. Gir backspin ein dimensjon eg hadde gløymt. NM-gullet sikra.”
“Lure på om da er nok med 3 dagars intens nærspelstrening for å bli NM-meister i Pitch & Putt. Vel, lørdagen vil visa om da er nok. Trur da skal holda.”
Lukka til, og måtte de komma heim med medaljar av gjevaste slag!