Fantastisk NM-helg av spelarane frå Kristtornskogen Golfpark!
Sunday 28. June 2015
Årets NM på heimebane er no vel overstått… og for ei helg det vart!!
Etter ei dramatisk avslutning var det son til banemeisteren, Anders Langeland, som sigra over “chip-master” Kenneth Vika på 2. omspelshol, og som om ikkje det var nok, gjorde Espen Kyvik si livs turnering og sørgja for at alle medaljane blei igjen i Kristtornskogen! Heile 7 av dei 10 fyrste plassane vart besett av lokale spelarar! Sportsleg er dette det klart beste NM me nokon gong har gjennomført! 🙂
Kristtornskogen Golfpark vil gratulera alle saman med ein framifrå innsats!
Vidare vil me nytta høve til å få takka alle lokale og tilreisande spelarar for ei fantastisk morosam helg. Med alt det gode humøret, og alle dei hyggjelege folka var det ei fryd å få vera vertskap for årets meisterskap.
Fylg linken for resultatliste og meir stoff frå årets NM.
..og trykk deg inn i resten av innlegget for artige situasjonar frå NM 🙂

Espen Bergmann hadde i forkant av NM lest den siste revisjonen av FIPPA si regelbok, og var strålande nøgd med at det no var tillatt med caddy i Pitch & Putt - noko han feira med å bera køllene til heile flighten

Ikkje alle var lika nøgde med linselusa frå Øvre-Kulio. Ivar Bergstø viser sin missnøye ved å setja "stjerten" i veret.

P&P-doctoren, Helge Sætre hadde lada opp med å spola gjennom gamle videokassettar med Monthy Python's "Silly walks", og kjørte eit par slike for å "jazza opp" stemninga blant publikum..

Sjølv om Rydningen hadde tatt på seg "street fighter"-fjeset sitt heldt det ikkje heilt inn denne gongen

Ein glad og spent gjeng som er klar for EM i Holland. Fra v. Anders L. og Frida Marie, Tore G. Hansen, Anders C. Juel, Jan Åge Sande og Espen Bergmann

Sjølv om det var stort for Anders å vinna NM for fyrste gong, var det likevel stjernemøtet med ""Sean Connery" han satte høgast denne helga