SR-BANK STORD OPEN 2015 – Nok ein siger for Bernt Kristian Nerland
Sunday 6. September 2015
I år som i fjor vart SR-Bank Stord Open arrangert i Kristtornskogen. SR – Bank stilte med flotte premiar, banemeisteren stod for gode flaggplasseringar og deltakarane kom i frå både Bryne og Stord med godt humør. Stemninga var på topp.
Turneringa vart spelt over 27 hol. Først 18 hol før pause, deretter ni hol. Det blei konkurrert i klasse A, klasse B og lagspel. Klasse A gjekk på slag, medan HCP-systemet vart nytta i klasse B. Det var totalt åtte lag, med tre personar på kvart lag. I lagspelet blei slaga til heile laget lagt saman, og samanlagt HCP vart trekt i frå.
Som meister i fjorårets Stord Open var det ingen tvil om at Bernt Kristian Nerland i frå Bryne måtte komme tilbake for å kjempe om sigeren også dette året. Med godt og stabilt spel gjennom heile turneringa klarte Nerland å behalde tittelen som Stord Open-meister. Det gjenstår å sjå om dette er ein tittel han kan halde på eit tredje år også. Totalt brukte Nerland 80 slag på dei 27 hola.
I likhet til Nerland låg både Anders Langeland og Ivar Bergstø på par etter at 18 hol var spelt. Då alle hola var spelt var det svært jamt mellom Langeland og Bergstø, og berre eit poeng skilte mellom andre- og tredjeplass. Tilslutt enda Langeland på andreplass med 84 slag og Bergstø på tredjeplass med 85 slag.
Her finn du resultat for klasse A.
Fv. Ivar Bergstø, Bernt Kristian Nerland og Anders Langeland
I klasse B var det Gjermund Vik som fekk førsteplass med 85,5 poeng netto. På andreplass kom Torben Carlsen med 89,5 poeng. Tredjeplassen gjekk til Jens Hinderaker med 99,5 poeng.
Fullt resultat for klasse B finn du her.
Vinnarane i klasse B. Fv. Jens Hinderaker, Gjermund Vik og Torben Carlsen
I lagspelet blei det lokal siger for Kristtornbua. Resultatet for topp tre lag ser slik ut:
1. plass: Kristtornbua (Helge Sætre, Arne Strandenes og Hans Langeland) 256,5 poeng
2. plass: SR-Bank 2 (Kenneth Vika, Lars Peder Langeland og Tormod Litlabø) 259,5 poeng
3. plass Eagles (Børje Skaathun, Ivar Bergstø og Terje Salomonsen) 264 poeng.
Her finn du fullt resultat for lagspel.
Ein person som også bør nemnast etter dagens turnering er ingen annan enn banemeisteren sjølv, Hans Langeland. Han gjekk i leiarflighten etter dei første 18 hola var spelt, og imponerte blant anna med ein knallgod birdieput på hol 14.
Hans Langeland med birdieput på hol 14