Seniorgolf 2015 / turnering 23 – Utruleg lite som skilte mellom første- og tredjeplass
Thursday 10. September 2015
Oppdatert seniorgolf, resultatet finn du her.
Gjennom heile våren og sommaren 2015 har det vore arrangert 23 turneringar med seniorgolf. Her har det vore mange deltakarar som har stilt opp kvar veke.
I den 23. turneringa av seniorgolf 2015 gjekk Wilfred Sætre, Jens Flornes, Odvin Flornes og Jonny Huse i same flight. Det viste seg at det var desse fire som kjempa om første plassen. I år var det ikkje mykje som skilte mellom dei fire deltakarane i toppen, og ingenting var avgjort før siste holet var spelt! Vinnaren av årets seniorgolf blei i år Jonny Huse med 53,5 i snitt. Like bak han kom Wilfred Sætre med 53,6. Berre 0,1 poeng skilte dei to! På tredjeplass kom Jens Flornes, med 0,2 poeng mindre enn Sætre.
Resultatet til topp fire ser slik ut.
Odvin Flornes hadde beste brutto score gjennom dei 23 turneringane.
Fv. Wilfred Sætre, Jonny Huse, Jens Flornes og Odvin Flornes