Golfsesongen 2015

Sunday 27. September 2015

Her kjem ein oppsummering av sesongen i Kristtornskogen 2015:

Berdiftsserie

I år var det Bowl It som vann bedriftsserien. På andre plass kom Stord Dekkservice, og tredje plassen gjekk til Kværner Prefab.

Fv. Geir Ove Rydningen som representerte Kværner Prefab og Fred Larsson som representerte Bowl It. Representant frå Stord Dekkservice var ikkje til stades.

Bedriftscup

Bedriftscupen 2015 var like spanande som den pleier å vere. Marine aluminium og Tannlege Danmo låg likt heilt fram til hol 18. Etter utslag låg begge ballane litt utanfor greenen. Ketil Fykse som spelte for Tannlege Danmo valde å chippe ballen etter Morten Danmo sitt utslag. Etter ein fin chip frå Fykse missa Danmo dessverre på putten.

På grunn av det gode innspelet til Terje Salomonsen blei det til slutt til siger for Marine aluminium i bedriftscupen.

I bronsefinalen vann Kristtornbua over Bowl It.

Vinnarlaget, Marine aluminium Fv. Andreas Salomonsen, Conny Strøm, Terje Salomonsen og Willy Ersland. Morten Hillestad var ikkje til stades då bilete vart tatt.

Andre plass, Tannlege Danmo fv. Øyvind Fykse, Ketil Fykse, Morten Danmo og Mads Danmo

Tredje plass, Kristtornbua Fv. Steinar Nordhus, Hans Langeland, Helge Sætre og Per Ove Langeland. Gunn Langeland var ikkje til stades då bilete vart tatt.

Torsdagsturnering

I år har det blitt spelt 17 torsdagsturneringar gjennom sesongen. I torsdagsturneringane har HCP-systemet vore nytta, men på nattgolfen blei det premiering til både beste bruttoresultat og beste nettoscore. Eit krav for å kjempe om premiane var at ein hadde delteke minimum ti gongar på torsdagsturneringar gjennom året.

Brutto:

Her vart det rekna ut eit snitt av dei ti beste turneringsresultata til kvar enkelt. Det blei premie til dei fire beste i bruttospelet:

1. plass Anders Langeland  med 52,5 slag i snitt. Premiert med det eit års abonnement på tv-kanalen Viasat golf.
2. plass Kenneth Vika med 53,6 slag i snitt. Premiert med 150 EUR.
3. plass Geir Ove Rydningen med 56,3 i snitt. Premiert med avstandsmålar.
4. plass Jan Åge Sande med 57,2 i snitt. Premiert med middag og nattgolf i Kristtornbua.

Fullt resultat finn du her.

Fv. Geir Ove Rydningen, Anders Langeland og Jan Åge Sande. Kenneth Vika var ikkje til stades.

Netto:

I nettospelet vart det nytta dollartabell, der spelarane fekk poeng ut i frå plassering på kvar turnering. Dollartabellen som vart nytta kan du sjå her.

Topp tre på nettotabellen blei følgjande:

1. plass Ivar Bergstø 770 $
2. plass Anders Langeland 606 $
3. plass Morten Hillestad 597 $

Merk at summen av dollar er poeng, og ikkje summen av premien til kvar enkelt.

Fullt resultat finn du her.

Mest poeng i dollartabellen, Ivar Bergstø

Seniorgolf

Total har det blitt arrangert 23 turneringar i seniorgolf. Her vart det rekna ut eit snitt ut i frå dei åtte beste turneringsresultata til deltakarane.

Netto:

Aldri før har vore så jamt i toppen, og det er utruleg lite som skil mellom første og tredje plass:

1. plass Jonny Huse 53,5 i snitt
2. plass Wilfred Sætre 53,6 i snitt
3. plass Jens Flornes 53,8 i snitt

Fullt resultat finn du her.

Best nettoscore i seniorgolf Fv. Wilfred Sætre, Jonny Huse og Jens Flornes

Oddvin Flornes hadde det beste bruttosnittet, med 58,6 slag i snitt.

Best brutto seniorgolf, Oddvin Flornes

Nattgolf 2015

I forbindelse med avslutninga av sesongen i Kristtornskogen vart det spelt nattgolf, etterfulgt av avslutning med god mat og premiering i Kristtornbua. Det blei spelt ni hol, med halvt HCP.

Oddvin Flornes, Ørjan Olaussen og Håvard Holmedal hadde alle 27 slag netto. Sidan spelet var så jamt var det HCP som måtte avgjere resulatet:

1. plass Oddvin Flornes
2. plass Ørjan Olaussen
3. plass Håvard Holmedal

Vinnarar av nattgolf 2015 Fv. Håvard Holmedal, Ørjan Olaussen og Oddvin Flornes

Fullt resultat frå nattgolfen finn du her.

Grillmat stod på menyen for årets avslutning. Fv. Hans Langeland og Gunn Langeland

Mange premiar vart delt ut

Vinnar av årets hovudpremie

Alle som har delteke på torsdagsturneringar minimum ti gongar i løpet av sesongen hadde moglegheit til å vinne ei weekend for to personar på Bryne Kro & hotell med halvpensjon, og fritt spel på Bryne Kro Pitch and Put og Jæren golfklubb. Det var trekkning under avslutninga, og den heldige vinnaren blei Jan Åge Sande.

Jan Åge Sande

Merittar 2015

Anders Langeland har hatt ein svært god sesong med blant anna første plass i norgesmeisterskap individuelt. Under NM på Imjelt presterte Langeland med sølv, og på EM som i år vart spelt i Holland spelte Langeland seg til 12. plass. Under lag-NM på Imjelt fekk Anders Langeland saman med Jan Åge Sande sølv.

Jan Åge Sande har også spelt godt på eigen hand.  Sande fekk første plass i dollarturnering på Bryne og 34. plass under EM i Holland.

Geir Ove Rydningen klarte i år få ny banerekord i Kristtornskogen, med berre 46 slag på 18 hol.

Vinnarane av NM 2015 blei:

1. Anders Langeland
2. Kenneth Vika
3. Espen Kyvik

Hole in one:

Trykk her for oversikt over hole in one på turneringar.

En tilbakemelding

  1. Sølve Golfmo sa Tuesday 26. January 2016, klokken 17.50:

    Lite info om den prestisjetunge Ryder Cup, tykkjer eg. Kven vann?

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.