Ryder Cup 2016 – Vandrepokalen er kapra
Monday 29. August 2016
Tre rundar med Ryder Cup er no ferdigspelt. Ein runde blei spelt på Tysnes, ein i Prestegardskogen, før finalen blei spelt i Kristtornskogen. Det har vore Tysnes golfklubb, Stord golfklubb og Kristtornskogen golfpark som har konkurrert i mot kvarandre.
Både Stord golfklubb og Kristtornskogen golfpark hadde to “napp” i pokalen, og kjempa begge om å vinne vandrepokalen til odel og eige. I finalen var det veldig spanande heilt til siste flight kom inn. I finalerunden fekk Stord golfklubb 6 poeng, Tysnes golfklubb 6,5 poeng og Kristtornskogen golfklubb fekk 11,5 poeng.
Etter finalen ser det samanlagte resultatet for alle tre rundane slik ut:
Det var ikkje mange poeng som skilte i toppen, men vinnaren av Ryder Cupen og vandrepokalen blei til slutt Kristtornskogen!
Her overleverer lagkaptein frå Stord golfklubb, Conny Strøm (t.v.) pokalen til kapteinen i Kristtornskogen, Arne Strandenes(t.h.).