Babygolf i Kristtornskogen
Sunday 9. May 2010
Thor Gunnar Bjelland har oversendt fylgjande reportasje frå den fyrste babygolfen i Kristtornskogen:
Onsdag 05.05.10 kl. 13.00 blei den fyrste “Baby-golfrunden” gjennomført i Kristtornskogen, det var møtt fram 2 deltakarar, Ella Sætre Kismul og Carl Bjelland.
Begge starta med birdie på hol 1 !!!! Deretter gjekk det slag i slag, utan at nokon av “deltakarane” veksla eit einaste ord etter andre holet. Fedrene var meget fornøyde med deira fyrste runde og møte med Kristtornskogen Golfpark. Dei blei godt tatt i mot av Banemeisteren sjølv, som foreviga dei på hol 7 (sjå bilete).
Etter 9 hol var det på tide å koma seg heim til mødrene for å få mat, men dei stiller nok neste onsdag og til same tid. Så for andre er det då til å setja av tid til dette. Neste onsdag reknar me med at “tante Gunn” stiller og.
mvh
pappane til Ella og Carl
















. Koding: