Udnadalen Open 2010
Monday 5. July 2010

Frå venstre Hans K. Kismul vinnar klasse B. Ben Ståle Henriksen(3.), Kenneth Vika(1.), Thor Gunnar Bjelland(2.)
.
Kenneth Vika vart vinnar, etter Hole in One på hol 4
.
Det vart ei fantastisk turnering på laurdag, banen viste seg frå si beste side, og vêrgudane gav oss solskin og sommartemperaturar som minna om langt sydelegare strøk.
Me vil gratulera Kenneth Vika med ein sterk siger, heile 6 slag føre dei to neste på resultatlista. Han krona verket sitt med å senka ein Hole in One på hol 4 – hans fyrste Hole in One nokon sinne.
Hans Kristian Kismul vart vinnar av klasse – B, med totalt 147 slag. Svigerfaren, Ole Håkon Sætre, som for tida viser gryande form, måtte denne gangen konstatera at han vart knipent slegen, med 2 slag av sin gode nabo.
I pausen vart det servert rykande varme pølser. Dette fall i god smak blant både store og små. For nokon vart diverre pølsene deira bane, og dei åt seg rett ut av toppstriden. Andre derimot var meir forsiktige med inntaket, og klarde å halda rett fokus heilt til siste hol var spela 🙂
Eg vil også trekka fram omspelet om 2. plassen som utvikla seg til ein spanande affære. Ein kunne sjå at nærvene stod i høgspenn hos både Ben Ståle og Thor Gunnar. Kvaliteten på golf spelet var ikkje den beste, men det var derimot spaninga, og det gjekk eit langt gjesp gjennom tilskodarane då Henriksen missa ein avgjerande putt på 50 cm.
Sjølv om Thor Gunnar tidleg gratulerte sin motspelar med sigeren, var det han som trakk det lengste strået til slutt.
| Udnadalen Open 03.07.10 | ||||
| 2 x 18 hol | ||||
| Klasse A | ||||
| Plas. | Navn | 1. run. | 2. run. | Totalt |
| 1 | Kenneth Vika | 56 | 55 | 111 |
| 2 | Thor Gunnar Bjelland | 55 | 62 | 117 |
| 3 | Ben Ståle Henriksen | 61 | 56 | 117 |
| 4 | Anders Langeland | 60 | 60 | 120 |
| 5 | Knut Langeland | 64 | 58 | 122 |
| 6 | Hans Langeland | 63 | 65 | 128 |
| 7 | Helge Sætre | 64 | 65 | 129 |
| 8 | Halvor Grov | 65 | 72 | 137 |
| 9 | Andreas Salamonsen | 69 | 68 | 137 |
| 10 | Ørjan Olausen | 74 | 64 | 138 |
| 11 | Einar Grønnevik | 71 | 73 | 144 |
| 12 | Geir Ove Rydningen | 74 | 75 | 149 |
| 13 | Rune Follnes | 74 | 91 | 165 |
| Klasse B | ||||
| Plas. | Navn | 1. run. | 2. run. | Totalt |
| 1 | Hans Kristian Kismul | 75 | 72 | 147 |
| 2 | Ole Håkon Sætre | 75 | 74 | 149 |
| 3 | Jon Tvedte | 80 | 72 | 152 |
| 4 | Rune Framnes | 82 | 70 | 152 |
| 5 | Per Ove Langeland | 79 | 74 | 153 |
| 6 | Pål Haynes | 75 | 80 | 155 |
| 7 | Atle Irgens | 79 | 77 | 156 |
| 8 | Knut Marius Sundt | 81 | 76 | 157 |
| 9 | Espen Kyvik | 93 | 77 | 170 |
| 10 | Cecilia Ottesen | 79 | Brutt | Brutt |
.

Anders Langeland er strålande nøgd etter ein flott langputt


Knut Langeland, ein av dei med Hole in One under Udnadalen Open















. Koding: