Etterarbeid.

Monday 29. September 2008

img_2335Hausten nærmar seg no med stormskritt, og dagane vert kortare og regnbygene lengre. Sjølv om det går mot mørketid er det fortsatt mangt som må gjerast i Kristtornskogen for at bana skal verte spelbar til neste vår.

Over kan ein skimte ein ivrig greenkeeper som er i full gang med steinrydding av fairwaien til hol 3 og 4.

Gjennom sommaren har det komme opp ein god del steiner som har måttet ryddes for at dei ikkje skal vera til sjenanse for ivrige golfarar og skarpe klippekniver.

Dei fleste steinane er no fjerna og hola er fylt med sand og mold. Sjølv om det nylig er ettersådd i desse såra, reknar me ikkje med å få tett gras på fairwaiane før veksta tar til for fullt til våren att.

Ellers kan ein melda at me har to evig unge karar i fulltidsjobb med dei to nybygga som er blitt oppført i samband med prosjektet, Per Langeland og Anton Klausen. Tett tak er det komme over både driving rangen og redskapshuset, og med den gode framdrifta dei har reknar eg med at det er ikkje lenge til det er tette veggar også. Ein kan berre retta ein stor takk til karane for den kjempe jobben dei gjer. Redaksjonen skal innan kort tid prøva å få eit portrettintervju med dei to eldsjelene.

Allereie nå er det mogeleg for interessente å få tegna medlemsskap for neste sesong. Det er fortsatt godt med ledige medlemsskap, men det vil bli satt eit tak på antall medlemmar og det kan dermed vera lurt å vera tidleg ute.

Me kjem også til å selja gode sponsorpakkar. Her vil me komma tilbake med meir informasjon, men viss du er interessert er det berre til å ta kontakt.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.