Blanda drops frå Drammen

Saturday 24. July 2010

I Norwegian International Open

Etter at Kenneth Vika og Anders Langeland byrja turneringa i Drammen i fin stil, der dei spela seg inn til 56 og 57 slag på fyrste runden, gjekk dei diverre på ein smell på andre runden.

Då den siste putten var senka stod Anders notert med 65 slag og Kenneth med 64 slag, og dei innehar nå ein delt 30 plass i turneringa.

Helge Sætre derimot har ei formkurve som peiker andre vegen. Etter å ha starta med ein 69 runde spela han seg på andre runden ned med 4 slag.

Me får vona at Helge fortset den gode trenden med å spela seg ned med 4 slag for kvar runde han går. Gjer han det har han god mogelegheit til å klatra nokre plassar på resultatlista.

På heimesida til Imjelt Pitch & Putt finn ein heile resultatlista.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.