11. runde i Pitch & Putt Tour
Thursday 19. August 2010
To nye hole in one!
Me vil gratulera Kenneth Juvik (hol 9) og Hans Kristian Kismul(hol 13) med hole in one i dagens turnering.
I si aller fyrste turnering, meistra Kenneth Juvik det få klarer gjennom ei heil golfkarriere. Han er nå ein av fire som har klart hole in one i ei turnering i Golfparken. Dei andre tre er nemnte Kismul, Ørjan Olausen og Jon Tvedte.
Thor Gunnar Bjelland vart dagens vinnar med sin 56 runde. Andreas Salamonsen og Anders Langeland fylgde på delt andre plass med sine 60 slag.
Kjekt å sjå at unge Salamonsen blandar seg inn i toppstriden. Fortset han utviklinga framover er det nok ikkje lenge til han tar sin fyrste turneringssiger.













. Koding: