Dei to eldsjelene……….

Friday 5. December 2008

100_0435img_2602
Gjennom heile hausten har me vore så heldige å ha med oss to staute seniorarbeidarar som har gjort ein strålande innsats for å ferdigstilla dei to nybygga i Kristtornskogen.

I lag med baneeigar Hans Langeland, har Per Langeland og Anton Klausen dei siste månadane gjort ein stor jobb for å få ferdigstilt både redskapshuset, der det også kjem toalett og kontor, og taket over drivingrangen som er avbildet lenger nede på sida.

Det ryktast at diskusjonane har gått friskt rundt både montering av musaband, ferdigstilling av møne, samt andre større og mindre byggesaker som har komme opp undervegs.

I resten av området er det nå fullt fokus på ferdigstilling av stier, trapper, bruer, murer utslagsfelt etc. Arbeidet er tålig bra i rute og me håpar å ha stiane ferdige før jul.

100_0437

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.