Siste torsdagsturnering før sumarferien
Monday 27. June 2011
Torsdag 30. juni er siste turneringsdato før T-Tour 2011 tar pause til torsdag 11. august.
Golfparken held sjølvsagt ope heile sumaren 🙂
Torsdagens turnering er også siste kvalifiseringssjanse for dei som ligg på vippen til å bli tatt ut til NM. I utganspunktet har me seks tildelte plassar. Fire av desse er satt av til dei fire beste i slagkonkurransen T-Touren, og to plassar vart tildelt etter Vestlandsmesterskapet som me arrangerte 18.juni.
Skulle Golfparken få tildelt fleire enn dei seks plassane me per dags dato har, vil me dela dei ut etter fylgjande prioritert rekkefylgje:
– 5. beste i T-Touren
– 5. beste i Vestlandsmesterskapet ( 1. og 2. plass allerede kvalifisert, 3. og 4. plass har takka ja)
– 6. beste i T-Touren
– 6. beste i Vestlandsmesterskapet
– 7. beste i T-Touren
– 7. beste i Vestlandsmesterskapet
Skulle ein av dei fire som er sikra kvalifisering via T-Tour verte hindra frå å møta, går denne plassen vidare til 5. plass og så til 6. plass i T-Touren.
Kriteria for å kvalifisera seg via T-Tour er at ein må ha deltatt i minimum 7 av 10 turneringar denne våren.















. Koding: