7 mann om dei moglege ekstraplassane til NM.

Tuesday 28. June 2011

Det store samtaleemnet i Udnadalen har dei siste vekene vert KVEN som kan kvalifisera seg til NM på Bryne fyrste helga i august. 6 deltakarar er allerede så godt som kvalifiserte:

– Kenneth (Nr 1 i T-Tour’en og vinnar av Vestlandsmesterskapet)

– Anders (Nr 3 i T-Tour’en og nr 2 i Vestlandsmesterskapet)

– Einar og Ørjan (Nr 4 og 5 i T-Tour’en)

– Sveinung og Liv Ingrid (Nr 3 og 4 i Vestlandsmesterskapet)

Sidan nr 2 (Thor Gunnar) og nr 6 (Ole Erik) i T-Tour’en allereie har flagga at dei ikkje er interesserte i å reisa til NM, vil altså eventuelle ekstraplassar bli fordelt som følger:

– Plass nr 7 vil gå til nr 7 i T-Tour’en.

– Plass nr 8 vil gå til Peder (Nr 5 i Vestlandsmesterskapet).

– Plass nr 9 vil gå til nr 8 i T-Tour’en.

– Plass nr 10 vil gå til Atle (Nr 6 i Vestlandsmesterskapet).

Kven har så sjans til å ta 7. og 8. plass i T-Touren, og dermed ha eit ørlite håp om at Bryne gir Kristtornskogen 8-10 startplassar i NM? Basert på enkle matematiske utrekningar er det klart at det vil stå mellom 7 mann: Andreas, Banemeisteren, Hallvor, Jossa, Geir Ove, Petter og Jan Åge. Samtlege bør kunne ha sjans til å nå eit snitt fra 64-67, men kan samstundes enda på eit snitt fra 67-70 ved ein laber T-Tour 10. Basert på utrekningar med rundar på par (54), 59, 64, 69 og 74 vil det gi følgjande scenario og snittscore.

Forøvrig ser det ut til at det kan vera lurt for Kristtornskogens NM-deltakerar å vurdera ein tur og to til Bryne i sommar for å spela seg inn på banen. Ny banerekord på laurdag: 44 slag (-10). Link.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.