NM 2011: Sterk prestasjon av Aarskog

Friday 5. August 2011

Sveinung Aarskog vart med sin 4. plass beste deltakar frå Kristtornskogen Golfpark under helgas individuelle NM i Pitch & Putt.

Etter å ha fullført fyrste 18 på 55 slag – eit over banens par, gjekk han ut i leiarballen på andre runden, som nummer to, eit slag bak leiande Tom Ellingsen.

Det skulle visa seg å bli ein tett kamp om dei øvste plasseringane. Sveinung haldt lenge 2. plassen bak vinnaren Bernt Kristian Nerland, men ein lei seksar på det vanskelege sjette holet skulle vise seg å verte for vanskeleg å hente inn att. Han enda dermed på plassen bak pallen, slått med 3 slag av nevnte Nerland. Me gratulerar Sveinung med eit sterkt resultat i sitt fyrste Pitch & Putt NM.

Det var ingenting å utsetja på lag – innsatsen heller. Kenneth Vika enda på ein fin 6. plass, Anders Langeland sikra ein respektabel 9. plass – eit slag bak Kenneth. NM debutanten Andreas Salomonsen stod for helgas overrasking med sin oppløftande 12 plass. Han gjekk totalt 7 slag over banens par(57 og 58)

Fredag 05.08 var det lag – konkurranse. Kristtornskogen Golfpark sitt antatt beste par, Anders Langeland og Kenneth Vika, enda her på 4. plass – eit slag bak 3. plassen.

Årets NM vart eit av dei flottaste som nokon gang er arrangert. Familien Otto, på Bryne Kro & Hotell, hadde verkeleg lagt ned mykje arbeid for at dette skulle bli eit minneverdig arrangement. Banen var stelt til topp standard, maten var upåklageleg, gjestfridommen og servicen stor. Det intime anlegget som omsluttar hotellet viste seg å vera ideelt for slike arrangement som dette. Det gjorde heller ingenting at vêrgudane var på vår side. Den einaste regnbya kom i pausen under fredagens lag – turnering.

Individuell konkurranse 06.08.11

Lagkonkurranse 05.08.11

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.