Tankevekkjar før T-Tour’en startar.
Wednesday 11. April 2012
Gode rutinar er viktig!
– Ver klar til å slå når det er din tur!
– Husk å sleppe raskare spelarar gjennom!
Etikette på greenen
– Plassér bagen på veg mot neste utslagsstad
– Reparér nedslagsmerker
– Markér ballen din om naudsynt
– Førebu neste putt medan du ventar
– Stå på skyggesida av holet når du passar flagget
– Pass på at din eigen skygge ikkje fell i medspelar si puttelinje når han førebur sin putt
Eit lite eksempel på kva dårlege rutinar medfører:
4 spelarar brukar i gjennomsnitt 75 slag på ein runde.
Kvar spelar har dårlege rutinar og brukar 10 sekundar for mykje pr. slag.
Dette gir følgande unaudsynt tidsforbruk på ein runde:
4 spelarar * 75 slag * 10 sekundar = 3.000 sekundar = 50 minuttar.
Overraska?
















. Koding: