Ny deltakarrekord i T-Tour 3!

Thursday 3. May 2012

I dagens torsdagsturnering vart det ny rekord med 30 deltakarar. Deltakarane blei delt opp i 9 flightar. Det var gode speleforhold på golfbanen, og mykje bra resultat på nettoscore.

Oversikt over bruttoscore finn du her.

Oversikt over pengepremiane (nettoscore) finn du her.

I dag var det berre to damer med, Astri Andersson og Gunn Langeland. Golf er ein sport som passar for alle, og det er enda plass til fleire deltakarar i torsdagsturneringane.  Både damer og menn er hjarteleg velkomne. Astri og Gunn fekk hvv nettoscore på 66 og 52.

Frå venstre: Astri Andersson og Gunn Langeland

I dag, som sist, fekk Anders Langeland beste bruttoscore (par). Andreas Salomonsen byrjar no å vakne til, og fekk i dag beste nettoscore på 49. Andreas kom på 2. plass brutto med 59. 3. plass brutto vart i dag delt mellom Kenneth Vika og Vidar Valdersnes som begge gjekk på 60.

Andreas Salomonsen

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.