T-Tour 10
Thursday 28. June 2012

Ørjan Olaussen bilete(arkiv) - beste bruttoscore i T-TOUR 10
Siste turnering før somarferien vart i dag avvikla i strålande solskinn.
Ørjan Olaussen byrjar å finna NM formen, og spela i dag inn til beste brutto score med sine 57 slag. “Sandeguten” – Jan Åge – spelte og ein sterk runde og enda til slutt på 59 slag brutto.
I HCP tevlinga var det fylgjande tre som inntok pallplasseringane:
1. John Gundersen 48
2. Ørjan Olaussen 49
3. Jan Åge Sande 53
Gratulera til Gundersen med flott spel!
Bruttoscore og oppdatert pengelista finn de under “Resultatservice” øvst på sida. Fullstendig resultatlista med oppdatering i HCP systemet kjem i løpet av neste veke (“innskrivaren” har bevilga seg ein velfortjent ferie)
Så til dagens store bragd…
Udnadals-travaren og P&P talentet Joachim Borchgrevink presterte kunststykket å senka ballen til Hole in One på green 1… rett nok er han ikkje den fyrste som har klart dette, men neppe har vel andre tidlegare prestert det same frå Tee nr 16… Kristtornskogen gratulerar sjølvsagt med den fin – fine Hole in One – dog på ein noko utradisjonell måte 🙂