Jæren Open

Saturday 18. August 2012

Som det stod på nettsida tidlegare var det Jæren open (vestlandsmeisterskap) i helga på Bryne kro & hotell. Frå Kristtornskogen reiste Einar Grønevik, Astri Andersson, Jan Åge Sande og  Ørjan Olaussen.

På fredag 17. august var det Lagspel, spelt over 27 hol. Her spelte Ørjan Olaussen og Einar Grønevik seg til 6. plass.

På laurdag 18. august var det individuelt spel, spelt over 36 hol. Dette blei spelt med Pitch & Put og hcp. 32 deltakarar deltok i turneringa på laurdagen. Einar Grønevik spelte knall bra, og fekk 2. plass!

Arkivbilete av Einar Grønevik

Astri Andersson spelte også svært bra, og fekk 6. plass. Astri forbetra hennar eigen rekord, og spelte godt under hennar par. Jan Åge Sande kom på 9. plass og Ørjan Olaussen kom på 22. plass. Det var mykje godt spel av deltakarane frå Kristtornskogen.

Arkivbilete av Astri Andersson

Det var typisk vestlandsvêr med ganske mykje regn under turneringa. Men til tross for regnet, vart det rapportert at det var ei kjekk turnering med god stemning og flotte premiar.

Einar Grønevik var også med på onsdagsturneringa som er kvar veke på Bryne kro & hotell, også her spelte Einar godt, og fekk delt 1. plass! Kristtornskogen gratulerer så mykje.

Full deltakerliste og oversikt over resultat finn du her.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.