T-Tour 13

Friday 24. August 2012

Berre 15 deltakarar fullførte T-Tour 13. Kanskje det var regnvêret tidlegare på dagen som skremte bort nokon av deltakarane? Under turneringa var det fint og opplett vêr. Banen var veldig fin, og den hadde tolt godt all nedbøren som hadde vore tidlegare. Kevin Hennis spelt svært godt denne turneringa. Kevin spelte på ein over banens par, 55 slag. I tillegg til å få den beste bruttoen, hadde Kevin også den lågaste nettoen, som var på 43! Kenneth Vika fekk 2. plass brutto med 57 slag. 3. plass brutto fekk Jan Åge Sande med 60 slag.

Fullt brutto resultat finn du her.

Full netto resultat (pengepremiar) finn du her.

Arkivbilete av Kevin Hennis

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.