Endring i cup-oppsett.

Wednesday 5. September 2012

Leiinga i bedriftsserien har dei siste dagane hatt til handsaming ein protest vedrørande cup-oppsettet for bedriftsserien.

Det vart fremma ei underbygd ytring om at det ikkje burde ha vore teoretisk mogeleg for  1., 2., 3. og 4. plasserte å møtast før semifinalen – og ikkje allereie i kvartfinalen, slik som det publiserte oppsettet tilsa.

Etter interne diskusjonar, med innspel frå røynde fagpersonar, frå eksterne miljø, har serie-leiinga valt å ta klagen til etterretning.

Dette vil ikkje få innverknad for dei nært føreståande 1/8 finalane. Konsekvensen er at enkelte lag, frå og med kvartfinalen, vil kunne få ei annleis reise til finalen.

Klagen tas til etterretning med grunngjeving om at topp 4 frå seriespelet skal – teoretisk sett –  få best betalt for sine gode prestasjonar gjennom heile sesongen.

Når det er sagt, vil me minne om at alle kampar skal spelast – cup er cup – og for å stå att på podiet som cup-meister i slutten av månaden, må ein vera kapabel til å slå kvart eit lag, anten kampen heiter 1/8-, kvart-, semi- eller finale.

Sjå vedlagt revidert cup-oppsett.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.