T-Tour 15 og Hole In One

Thursday 6. September 2012

16 deltakarar fullførte T-Tour 15 i plaskande regn.(Det finnes ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede.) Anders Langeland spelt best i turneringa (både brutto og netto), og hadde ein brutto på 52, og netto på 50! Utruleg bra spelt, spesielt sidan forholda var så dårlege som dei var! Ben Ståle Henriksen fekk 2. plass brutto med 59 slag. 3.plass fekk Ørjan Olaussen med ein brutto på 60.

Fullt bruttoresultat finn du her. (Alle som ikkje vil klare å få 10 eller meir turneringar før torsdagsturneringane i 2012 er ferdig, er fjerna frå lista.)

Full nettooversikt (pengepremiar) finn du her.

Arkivbilete av Anders Langeland

Nettopremiane ser slik ut denne gongen:

Plass Namn Premie
1 Anders Langeland kr  100,00
2 Ørjan Olaussen kr     80,00
3 Helge Sætre kr     70,00
4 Ben Ståle Henriksen kr     50,00

Kristtornskogen vil også gratulere Jan Åge Sande med hole in one på hol 12!

Jan Åge Sande

På Søndag blir det Stord Open. Det er forsatt nokon plassar igjen om nokon vil vere med. Kontakt Hans Langeland for å melde deg på. Folk frå både Stord GK og Sveio deltar.

Morten Hillestad etter at han slo ut eit slag.

Helge Sætre og Astri Andersson – Godt humør, uavhengig av vêret!

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.