T-Tour 17 – Årets siste torsdagsturnering og ny banerekord

Thursday 20. September 2012

No er den 17. og siste torsdagsturneringa i 2012 ferdig. Turneringa var spennande, og mykje skjedde. Det var litt bløtt på golfbanen, men det var opphaldsvêr under heile kampen.

Anders Langeland fekk ein veldig bra avslutning på turneringa, med ny banerekord! Anders brukte berre 48 slag på dei 18 hola! Anders hadde allereie senka fire birdiar på dei første ni hola. Samanlagt senka han 6 birdiar i T-Tour 17.  Det kjem nok ikkje som ei overrasking for mange at det var Anders som fekk 1. plassen i Torsdagsturneringar 2012. 1. premien er Abonnement på Viasat Golf i eit år. Anders fekk til slutt eit snitt på 54,3.

Arkivbilete av Anders Langeland

Kenneth Vika kom på 2. plass i både T-Tour 17 og Torsdagsturneringar 2012. Kenneth vann eit båresett frå DeWalt. Vika har spelt bra heile året, og fekk til slutt eit snitt på 56,5. Den siste torsdag turneringa starta også svært bra for Kenneth, då han fekk hole in one på det første slaget hans i turneringa på hol 6.

Arkivbilete av Kenneth Vika

Det var svært jamt om 3. og 4. plassen, og ingenting blei avgjord før det siste holet i den siste turneringa. Det var lite som skilde mellom Jan Åge Sande og Ørjan Olaussen. Begge to brukte 57 slag i den siste turneringa. Til slutt sto Ørjan igjen med berre 0,3 i snitt lågare enn Jan Åge, og fekk difor 3. plass i Torsdagsturneringar 2012. Ørjan hadde eit snitt på 59,8 og Jan Åge hadde eit snitt på 60,1. Premien for 3. plassen er ein lasermålar frå Boch.

(fv.) Bilete av Ørjan Olaussen og Jan Åge Sande

Astri Andersson spelte også veldig bra i T-Tour 17, og fekk ny personleg rekord på 69 slag. Astri senka 2 birdiar på dei siste to hola, hol 16 og 17.

Fullstendig resultat over torsdagsturneringane 2012 finn du her.

Resultat for dei som har delteke mindre enn ti gongar finn du her.

Nettoresultatet ser slik ut:

Plass Namn Premie
1 Anders Langeland kr 100,00
2 Jan Åge Sande kr 80,00
3 Astri Andersson kr 70,00
4 Joakim Borchgrevink kr 50,00

Fullt oversikt over pengepremiane finn du her.

Kristtornskogen gratulerer alle saman som vann, og takkar alle som har delteke på torsdagsturneringane i 2012.

28. september blir det avslutning. Les om den her. Alle premiane nemnt ovanfor, pluss enda fleire premiar blir delt ut på avslutninga. Her blir også pengepremiane delt ut. Dersom du ynskjer å vere med på avslutninga, må du melde deg på snarast mogleg, for lista byrjar å fylle seg opp.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.